Nytt
29 millionar til Nofence
Får lån og støtte til eksportvekst
15.12.2021
Innovasjon Norge gir Nofence på Batnfjordøra 13,75 millioner kroner i tilskot og 15 millionar kroner i lån.
Det melder Innovasjon Norge i ei pressemelding.
Nofence har utvikla ein klave som sender signal til dyra slik at dei held seg innanfor eit digitalt gjerde som dyreeigaren strekar opp på eit kart. Det sparer kostnadar til å sette opp gjerde og gjer det lettare å flytte dyra.
Selskapet skal bruke i alt 58,5 millionar kroner på å vidareutvikle teknologien og produksjonen sin, for å bli betre rusta i eksportmarknaden. Tilskot og lån frå Innovasjon Norge er ein del av finansieringa.
Publisert: 15.12.2021 14:26
Sist oppdatert: 15.12.2021 14:39