30 millionar i Ekornesgevinst
GODT ÅR: Nils Gunnar Hjellegjerde brukte ein del av pengane han fekk frå salet av IMG til Ekornes til å kjøpe seg Ekornes-aksjar. Så langt er verdistigninga 30 millionar kroner, med eit utbytte på 14,2 millionar kroner på toppen.
Nytt

30 millionar i Ekornesgevinst

Nils Gunnar Hjellegjerde har ein gevinst på 30 millionar kroner på Ekornes-kjøpa han gjorde i 2014.

27.04.2017
Frå august til november 2014 kjøpte Nils Gunnar Hjellegjerde seg opp til å eige 566.000 aksjar i Ekornes. Han er 13. største aksjonær og eig 1,5 prosent av aksjane i selskapet.
Aksjekjøpa hausten 2014 skjedde til kursar rundt 80 kroner pr aksje. I går nådde kursen 133 kroner pr. aksje, den høgaste sidan 9. juni 2011. Hjellegjerde sine aksjar er no verdt 30 millionar meir enn han betalte.

Selde for 400 millionar kroner

Etter svake resultat og hard maktkamp i Hjellegjerde-konsernet fekk Nils Gunnar Hjellegjerde nok. Han gjekk av våren 2001 og flytta til Thailand.
Frå 2006 bygde han opp IMG (Internasjonal Møbel Gruppe) til eit selskap med nesten 300 millionar kroner i driftsinntekter, tre fabrikkar i Asia og eit internasjonalt fotfeste for sine kvilestolar og sofagrupper. I 2014 selde han og resten av eigarane selskapet til Ekornes, og fekk i første omgang 400 millionar kroner i betaling.

Dersom resultatet frå IMG-verksemda blir så bra som Hjellegjerde trudde skulle han få 150 millionar kroner ekstra etter at reknskapen for 2016 var ferdig.
Kravet til lønsemd har IMG oppfylt heile vegen, og jamt og trutt har Ekornes sett av pengar til utbetalinga. Det har redusert resultatet tilsvarande, men no er det over. Dei 150 millionane blir utbetalt i andre kvartal i år.

Utbytte på toppen

Ekornes foreslår eit utbytte på 25 kroner pr. aksje etter 2016, som ein dela av omlegginga av utbyttepolitikken. Selskapet vil behalde mindre av overskotet framover og betale ut meir utbytte.

For Hjellegjerde betyr den nye utbyttepolitikken at han også får 14,2 millionar i utbytte frå Ekornes i år.

Publisert: 27.04.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:08