31 reiste til utlandet fraa Vigra i mai
VIGRA: I mai var det berre 31 som reist til utlandet frå flyplassen på Vigra.
Nytt

31 reiste til utlandet frå Vigra i mai

Koronapandemien førde til nesten full stopp i flytrafikken til utlandet over Vigra.

10.06.2020
- Tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset, har ein dramatisk effekt på flytrafikken.
Det slår lufthamnsjef Tor Hånde på ved Ålesund lufthamn Vigra fast.
I mai reiste 13.344 passasjerar over Vigra. Det er ein nedgang på 86,8 prosent samanlikna med mai i fjor.

Under halvparten av fjoråret

I mai 2019 reiste mer enn 101.000 passasjerer over Vigra.
Størst nedgang er det i utlandstrafikken. I mai var det kun 31 passasjerar som reiste direkte til og frå utlandet, ein nedgang på 99,9 prosent.
For innlandstrafikken vart nedgangen på 81,9 prosent samanlikna med mai 2019.
Hittil i år har det reist 223.476 passasjerar over Vigra, 50, 2 prosent færre enn i fjor.

Hovden-svikt

Over Ørsta Vold lufthamn Hovden reiste det 2.517 passasjerar i mai, ein nedgang på 73,4 prosent.
Hittil i år har det reist 25.260 passasjerar over Hovden. Det er 44,6 prosent færre enn i fjor.
Anda lufthamn Sandane var stengt i mai. Hittil i år har det reist 6.931 passasjerar over Anda, 58,7 prosent færre enn i fjor.

Publisert: 10.06.2020 15:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58