44 millionar i utbytte
EKSPORT: Smakstilsetningar og ernæringstilsetningar frå Firmenich Bjørge Biomarine på Ellingsøya blir eksportert til over 40 land. 
Nytt

44 millionar i utbytte

Firmenich Bjørge Biomarin har sett av 44 millionar kroner i utbytte dei to siste åra.

29.01.2021

Firmenich Bjørge Biomarin lagar mellom anna smakstilsetningar for næringsmiddelindustrien basert på restråstoff og avskjær frå fisk.

Inntil for to år sidan har selskapet ikkje betalt utbytte, men etter 2019 og 2020 har eigaren, det sveitsiske Firmenich-konsernet, sett av til saman 44 millionar kroner i utbytte frå selskapet.

Ingen permitteringar

Firmenich Bjørge Biomarin har avvikande reknskapsår, med reknskapsavslutning 30. juni.

Selskapet fekk redusert inntektene i fjerde kvartal på grunn av konsekvensar av den verdsomspennande koronaepidemien, skriv selskapet i årsmeldinga for 2020, i avsnittet om hendingar etter at reknskapen vart avslutta.

Trass epidemien har Bjørge Firmenich kunne oppretthalde produksjonen og unngått permitteringar.

Bjørge Firmenich har 36 tilsette.

NETT NO har ikkje lukkast å få kontakt med dagleg leiar Johnny Kristiansen.

Publisert: 29.01.2021 14:14

Sist oppdatert: 18.06.2021 07:59