- Alt er som er oppført er seld, seier hytteutbyggar Jan Arvid Berge. Han eig ein tredjepart av selskapet Stranda Fjellgrend, som byggjer ut like ved skiheisen på Strandafjellet.
Halvparten av dei 40 fritidsbustadane er ferdig, resten skal gjerast ferdig dei neste to åra.
Berge byggjer hus med fleire fritidshusvere i, frå 50 til 80 kvadratmeter. Lettast å selje er dei minste leilegheitene. Prisane på fritidsbustadane i første byggetrinn spenner frå 1,6 til 2,7 millionar kroner.
Men husvera han har seld kan også leigast ut når eigarane ikkje er til stades.
- Sommarmarknaden har vore betydeleg, det hadde vi ikkje rekna med, seier Berge.
Berge anslår at det vil bli bygd rundt 50 nye fritidsbustadar/hytter på Strandafjellet dei neste to åra - gitt at marknaden held seg.
Tind Eiendom og Stranda Fjellgrend vil stå for den største utbygginga, men det blir også bygd ein del frittståande hytter, einskildoppdrag som kan handterast av eit snikkarlag.
Etter at kommunestyret i sommar sa ja til å opne nye område for hyttebygging, sa plan- og utviklingssjef Steinar Belsby i Stranda til lokalavisa at det kan kome så mange som over 200 nye hytter på fjellet.
Til samanlikning er det i dag under utbygging eller under regulering områder for 150 hytter i Stryn og Hornindal til saman.
Halvparten av dei 40 fritidsbustadane er ferdig, resten skal gjerast ferdig dei neste to åra.
Minst er lettast å selje
Mellom første byggetrinn og skiheisen har Stranda Fjellgrend sikra seg enda ei tomt. Det er reguleringsarbeidet i gang, og planen er å byggje ytterlegare 50-60 fritidsbustadar.Berge byggjer hus med fleire fritidshusvere i, frå 50 til 80 kvadratmeter. Lettast å selje er dei minste leilegheitene. Prisane på fritidsbustadane i første byggetrinn spenner frå 1,6 til 2,7 millionar kroner.
Overraska over utleige
Dei som kjøper på Strandafjellet er først og fremst ute etter ein fritidsbustad til vintersbruk, i følgje Berge.Men husvera han har seld kan også leigast ut når eigarane ikkje er til stades.
- Sommarmarknaden har vore betydeleg, det hadde vi ikkje rekna med, seier Berge.
50 nye
Berge er ikkje åleine om å byggje ut på Strandafjellet. Næraste nabo på byggeplassen er Tind Eiendom, med Knut Henning Aursnes og Petter-André Aursnes som eigarar. Også der er det full aktivitet.Berge anslår at det vil bli bygd rundt 50 nye fritidsbustadar/hytter på Strandafjellet dei neste to åra - gitt at marknaden held seg.
Tind Eiendom og Stranda Fjellgrend vil stå for den største utbygginga, men det blir også bygd ein del frittståande hytter, einskildoppdrag som kan handterast av eit snikkarlag.
Kommunen satsar
Stranda kommune vil ha fleire hytter på fjellet.Etter at kommunestyret i sommar sa ja til å opne nye område for hyttebygging, sa plan- og utviklingssjef Steinar Belsby i Stranda til lokalavisa at det kan kome så mange som over 200 nye hytter på fjellet.
Til samanlikning er det i dag under utbygging eller under regulering områder for 150 hytter i Stryn og Hornindal til saman.
Alt er som er oppført er seld
Publisert: 18.09.2014 14:09
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38