50 aaring tek L K Hjelle ut i verda
Nytt

50-åring tek L.K. Hjelle ut i verda

Eksport skal vere med å snu L.K. Hjelle Møbelfabrikk frå minus til pluss. Gjett kven som opnar døra til utlandet.

08.09.2015
L.K. Hjelle har ikkje hatt overskot sidan 2010. Møbelklassikaren Siesta kan vere med å løfte selskapet attende til overskot.
I år er det 50 år sidan møbeldesignar Ingmar Relling teikna kvilestolen, som no er ein del av sortimentet til møbelprodusenten L.K. Hjelle i Sykkylven.
Då Elisabeth Hurlen starta som eksportsjef i 2013 eksporterte L.K.Hjelle for tre millionar kroner. Hittil i år er eksporten på seks millionar kroner.

- Vi har ein sjanse til å kome opp i åtte-ni millionar kroner, seier Hurlen om eksportforventingane for 2015.

Siesta gjer susen

Siesta-stolen står i dag for minst 60 prosent av eksportinntektene til L.K Hjelle. Det er først og fremst den klassiske kvilestolen som står for veksten, slik at Siesta-stolen sin andel av eksportinntektene er aukande.
- Det var eit sjakktrekk å få inn Siestaen, seier Hurlen.
Siestastolen vart produsert i Sykkylven fram til 2001, då Rybo i Hordaland tok over, før L.K. Hjelle fekk hand om stolen i fjor.

Opnar for meir eksport

Blir forventningane til Hurlen innfridde, vil eksportinntektene nærme seg ein fjerdepart av dei samla driftsinntektene til L.K. Hjelle i år. Marginane for stolen er slik at det vil slå enda meir positivt ut for lønsemda, i følgje Hurlen.
Etterkvart vonar ho at suksess for Sieasta skal opne for større eksport også av L.K. Hjelle sine andre stolar og sofaer.
- Det er det som er målet, seier ho.

Satsar i Danmark

L.K. Hjelle har konsentrert eksportsatsinga til Skandinavia, først og fremst Danmark og Sverige. I tillegg har selskapet og eit fotfeste i Japan, Australia/New Zealand og USA.
Av historiske årsaker har L. K. Hjelle først og fremst fått gjennomslag i kontraktsmarknaden i Sverige, medan bedrifta sel gjennom vanlege møbelforhandlara i Danmark. Difor er også Siesta-satsinga i jubileumsåret konsenterte i Danmark, gjennom eit marknadsføringssamarbeid med ei rekkje forhandlarar.
L.K. Hjelle Møbelfabrikk er eigd av fleire medlemer av familien Hjelle. Dagleg leiar Dag Frode Hjelle er største aksjonær, mend 52 prosent av aksjane. Selskapet har 23 tilsette.
Det var eit sjakktrekk å få inn Siestaen

Publisert: 08.09.2015 06:00

Sist oppdatert: 09.04.2021 19:44

Mer om