NPK-NTB: Konkursbuet etter Moods of Norway vart selt for 52,6 millionar kroner etter konkursen i september. Krava frå kreditorane er på 91 millionar kroner.
Prislappen vart gjort kjent under ei skiftesamling i Sogn og Fjordane tingrett tysdag, ifølgje .
Det var Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke, Jan Egil Flo og ei gruppe tilsette som kjøpte tilbake klesmerket etter konkursen.
18 kreditorar har meldt krav på til saman 91,43 millionar i buet. Ifølgje Sogn og Fjordane tingrett er det så langt ikkje avdekt straffbare forhold. Det er heller ikkje funne grunnlag for å ilegge konkurskarantene i saka.

Publisert: 24.10.2017 12:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15