60 70 tilsette i nye Aurstad
NY START: Etter at det største selskapet i Aurstadkonsernet blei slått konkurs før jul blir det drift og oppbemanning i datterselskapet Aurstad Tunnel.
Nytt

60-70 tilsette i nye Aurstad

I løpet av få dagar vil Aurstad Tunnel ha 60-70 tilsette.

04.01.2019
Selskapet er i gang med tre oppdrag og satsar på å få det fjerde oppdraget på plass i løpet av neste veke.
Etter at hovudselskapet i Aurstadkonsernet, K.A. Aurstad, blei slått konkurs før jul har leiinga og bustyret arbeidd for å sikre vidare drift gjennom datterselskapa som ikkje er omfatta av konkursen.

Tilset folk

I løpet av få dagar vil selskapet Aurstad Tunnel ha 60-70 tilsette i følgje administrerande direktør Jo Stian Tverberg.
Aurstad Tunnel har oppdraget med å utbetre Rotsethorntunnel i volda og ein kraftanleggsdam i Hallingdal. I tillegg er det inngått avtale med PNC Norge om å leige ut folk og utstyr til eit veg- og tunnelprosjekt i Nordland, der K.A. Aurstad var underleveandør. Det er snakk om cirka 25 personar, som blir tilsett i Aurstad Tunnel, men skal jobbe for PNC Norge.
Det fjerde prosjektet er fullføring av ein fonnvernevoll i Ørsta som K.A. Aurstad var i ferd med å bygge då selskapet blei slått konkurs. Tverberg håpar på avklaring i neste veke på om Aurstad Tunel får jobben med å gjere vollen ferdig.

Over 200 tilsette

Får konkursen hadde Aurstadkonsernet over 200 tilsette.
Tverberg seier han kjenner til at ein del av dei tilsette har fått arbeid hos andre.

Publisert: 04.01.2019 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30