Artec Aqua er totalentreprenør for prosjektet, som har ein kontraktsverdi på over 600 millionar kroner, skriv Artec Aqua i ei pressemelding.
Dette er den tredje største kontrakten Artec Aqua har inngått. Berre oppdraget med å designe og prosjektere bygginga av første og andre byggetrinn av det landbaserte oppdrettsanlegget til Salmon Evolution er større.
Det er Bolaks-selskapet Sævareid Fiskehanlegg som skal ha eit nytt smoltanlegg til verksemda si i Sunnhordland.
Anlegget skal stå ferdig hausten 2027 og skal kunne levere 29 millionar smolt i året.
Hos Artec Aqua er rundt 15 personar engasjert i arbeidet med prosjektering, sourcing og administrasjon, i tillegg til innleigde rådgivarar frå Conplan, Kvalsund Ingeniører, Riksheim Consulting og Multiconsult, iflølgje pressemelding.
Anlegget blir eit såkall hybrid- og gjennnomstrøymingsanlegg som betyr at anlegget skal basere seg dels på vatn som blir pumpa inn og gjennom anlegget og dels på atein del av vatnet blir rensa og brukt om igjen.
Publisert: 21.03.2025 10:06
Sist oppdatert: 21.03.2025 11:12






