Ekornesbil
DABBAR AV: Stressless-salet har dabba av og Ekornes seier opp tilsette. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

80 må gå hos Ekornes

Nedgang i salet gir færre jobbar.

20.09.2022

Tidlegare i haust let Ekornes-konsernet vere å erstatte 35-40 tilsette som slutta for å gå på skule eller studere.

No skal tilsaman 80 årsverk kuttast ved fabrikkane i Sykkylven og på Grodås, skriv NRK.

Oppseiingane kjem i tillegg til at studentar og skuleelevar ikkje blei erstatta. I denne omgang blir det oppseiingar seier hovudtillitsvald Edvard Lie ved datterselskapet J. E. Ekornes til NETT NO.

Han og dei andre tillitsvalde har vore orientert og arbeidd med dei komande oppseiingane i to-tre veker. Kven som må gå kan bli klart allereie i morgon, ifølgje Lie.

Fire dagars-veke
– Det er ei trasig sak og det er naturlegvis aller mest trasig for dei som blir ramma av dette. Det er ei negativ nyhende, men vi må ta oss gjennom dette, seier produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad til NRK.

På det meste gjekk det ut 1200 stressless-lenestolar frå fabrikkane kvar dag. For kort tid sidan innførte bedrifta fire dagars veke med ein produksjon på 900 stolar per dag, skriv NRK.

Fryktar hard nedbremsing
Bransjesjef Egil Sundet i Designindustriens bransjeforening i Norsk Industri sa tidlegare i september tIL NETT NO at han er redd for at summen av alle faktorane som bremsar økonomien blir for stor. Designindustriens bransjeforening omfattar mellom anna møbelindustrien.

- Eg er bekymra for at Regjeringa ikkje ser konsekvensen av at summen (av kostnadsauken, red.merk ) pluss renteauken fører til ei mykje større innsparing enn ein treng, sa Sundet.

Publisert: 20.09.2022 16:30

Sist oppdatert: 20.09.2022 16:46