Aarvik sel seg ut av Ervik
VIL UT: Arild Aarvik (f.v.), Kåre Furnes, Stig Ervik og Geir Solvåg fotografert i samband med at Ervik Havfiske Carisma Fish gjekk saman i fjor. Furnes blei styreleiar i det samanslåtte Ervik Havfiske, Geir Solevåg er dagleg leiar.
Nytt

Aarvik sel seg ut av Ervik

Eig ein femdel av Ervik Havfiske gjennom Carisma Fish. No vil han ut. 

Marius Rosbach
31.10.2019
Arild Aarvik i Carisma Fish er samd med Ervik Havfiske om at han sel seg ut av fiskerikonsernet, melder .
Konserndirektør Stig Ervik i Ervik Havfiske stadfestar salet: - Aarvik har ytra ønskje om å forvalte pengane sine sjølv, seier han til tidsskriftet.
Arild Aarvik eig 21 prosent av Ervik Havfiske gjennom selskapet Carisma Fish. I at dei slo saman salsverksemdene.

Les også:



Stig Ervik seier til Fiskeribladet at prosessen har vore ryddig og at dei har vore samde om at Aarvik skulle ha to års «prøvetid» for å avgjere om han ville behalde eigardelen.
Ervik legg til at dei manglar godkjenning frå Fiskeridirektoratet, men at han reknar med det er ein formalitet som blir løyst snart.
Fiskeribladet har ikkje fått ein kommentar til salet frå Arild Aarvik sjølv.
Ervik Havfiske Holding er eigd av tremenningane Stig Ervik og Kjell Magne Ervik. korleis dei er i gong med første steg av generasjonsskifte i konsernet.

Les også:



Publisert: 31.10.2019 15:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43