Aas har arbeid til ut i 2022
TJUKK ORDREBOK: Halvard Aas og kollegaene på Aas Mek Verksted skal levere brønnbåtar på løpande band til inn i 2022.
Nytt

Aas har arbeid til ut i 2022

Etter overlevering av bygg nummer 203 har Aas Mek. Verksted ytterlegare sju brønnbåtar i arbeid eller bestilling.

17.07.2020
Bygg nummer 203, ein brønnbåt til reiarlaget Hordalaks, blir overlevert samstundes som eit nytt brønnbåtskrog er klar til sleping frå Tyrkia. Det skal vere ferdig urusta i februar 2020.
Ved kaia på Vestnes ligg ein brønnbåt til utrusting for brønnbåtreiarlaget Sølvtrans, som skal vere klar i oktober i år.
I tillegg er det fem brønnbåtar til i bestilling hos verftet. Den siste skal overleverast først i 2022.
Båten som blei overlevert i dag er av verftet sin eige design med typebetegnelsen AAS 3002 ST. Lastekapasiteten på 3000 kubikkmeter, tilsvarande 450 tonn med levande laks. Den har plass til eit mannsklap på 12, fordelt på åtte einmannslugarar og to tomannslugarar.
Blant leverandørane til brønnbåten er Martime Partner i Ålesund, Libra Plast på Hareid, MMC First Process i Herøy, Kongsberg Maritime CM i Ålesund, Robinet i Ulsteinvik og Jets Vacum på Hareid.

Publisert: 17.07.2020 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00