Aas Mek stengt grunna koronasmitte
STENGT INNTIL VIDARE: Medan smittesporinga pågår, er verftet i Vestnes stengt. 
Nytt

Aas Mek. stengt grunna koronasmitte

Arbeidar testa positivt og verftet er stengt inntil vidare. I Ålesund har fleire gjestearbeidarar og mannskap frå trålar testa positivt.

Marius Rosbach
05.11.2020
Ein utanlandsk arbeidar ved Aas Mek. Verkstad har testa positivt på covid-19, melder seint onsdag kveld.
Verftet og kommunelegen er difor samde om at verftet blir stengt medan smittesporinga pågår.

Alle arbeidarane i karantene

Personen blei først testa sist fredag. Etter å ha testa negativt, har han vore i arbeid til ein test nummer to viste positivt resultat.
Vedkomande skal ikkje ha vore i butikkar, og er no sett i isolasjon. Alle arbeidarane ved Vestnes-verftet er i karantene til smittesporinga er over, og dei får anna beskjed.
Verftet kunne tidlegare i veka om bygging av to nye brønnbåtar.

Gjestearbeidarar og mannskap smitta

Også fleire stader på Nordvestlandet er det påvist fleire koronasmitta dei siste døgna. melde onsdag om 12 nye smittetilfelle.
Mellom desse er ei gruppe på fem gjestearbeidarar i ei gruppe på 17 personar som kom til Ålesund 30. oktober.
Også ein person som kom til Ålesund med båt frå eit raudt land har fått påvist smitte. Etter det NETT NO kjenner til, dreiar det seg om ein av mannskapet på den nye trålaren Sunderøy som ligg til kai i Steinvågen. Det er Holmøy-familien på Sortland som har bestilt den Spania-bygde båten som er designa av Kongsberg Maritime.

Stoppa arbeid om bord

Fleire underleverandørar skal ha planlagt leveransar om bord. Desse oppdraga er naturleg nok utsett.
Ålesund kommune opplyser at arbeidarar som har jobba på båten er isolert frå besetninga, og har avslutta arbeidet. Desse er ikkje definert som nærkontaktar, og såleis ikkje i karantene.

Les også:



Publisert: 05.11.2020 10:09

Sist oppdatert: 07.04.2021 19:02