Aas Mek Verkstad er aarets bedrift
FÅR PRIS: Dagleg leiar Halvard Aas og Aas Mek Verksted i Vestnes blir heidra med pris. 
Nytt

Aas Mek Verkstad er årets bedrift

– Det er veldig fint å bli sett og verdsett, seier dagleg leiar ved Vestnes-verftet.

Marius Rosbach
11.03.2020
Fylkespolitikarane meiner Aas Mek Verksted fortenar prisen som årets bedrift i Møre og Romsdal. Det ble avgjort under tysdagens møte i kultur- næring og folkehelseutvalet.
– Det er veldig fint å bli sett og verdsett for det vi driv med og har bygd opp over mange år, seier dagleg leiar Halvard Aas i ei pressemelding.
Verftet i Vestnes satsar på rekruttering lokalt og har i dag 60-70 tilsette.
– Verftsindustrien er ein internasjonal bransje, kor mange båtar blir bygd på utanlandske hender til låg pris. Det er derfor imponerande at ein lokal båtbyggjar blir valt som ein sentral leverandør til dei som er alle fremst innan sitt felt, heiter det i grunngjevinga.

Fleire nye kontraktar i ordreboka

Bedrifta har satsa på bygging av brønnbåtar og utviklar gjerne båtane i lag med reiarlag og oppdrettsnæringa.

– Det har vist seg å vere ein god strategi, for aktiviteten for oss har aldri vore stå stor som no, seier Aas.
Mellom anna hatt eit mangeårig samarbeid med reiarlaget Sølvtrans i Ålesund. Nyleg blei det klart at verftet år skal bygge heile tre båtar for Sølvtrans dei neste åra. Like før jul annonserte dei også to nybygg for reiarlag nordpå.
Vestnes-selskapet er også av dei mest lønsame skipsverfta i Norge, og har ikkje hatt underskot sidan 2008.

Les også:



Delast ut i april


Fylkesprisen Årets Bedrift skal gå til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.
Den skal motivere og inspirere næringslivsleiarar i fylket til innsats for samfunnet og blir delt ut under møtet i fylkestinget i april.

Vinnarar siste ti år:


  • 2018: Pipelife Norge, Surnadal kommune
  • 2017: Volda Maskin AS, Volda kommune
  • 2016: Tingvollost AS, Tingvoll kommune
  • 2015: Slettvoll, Møbler AS, Stranda kommune
  • 2014: Ulmatec Pyro AS, Haram kommune
  • 2013: Rindalslist AS, Rindal kommune
  • 2012: Kleven Maritime AS, Ulstein kommune
  • 2011: Arvid Gjerde AS, Rauma kommune
  • 2010: Gjøco AS, Gjemnes kommune
  • 2009: Saferoad AS, Ørsta kommune

Aktiviteten for oss har aldri vore stå stor som no

Publisert: 11.03.2020 11:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54