ABB kontrakt paa elferje i Soer Korea
FØRST AV 140 FARTØY: El-ferja er det første av i alt 140 fartøy som Sør-Korea vil skifte ut, og skal inn i trafikk i hamnebyen Busan frå 2022.
Nytt

ABB-kontrakt på elferje i Sør-Korea

Det asiatiske landet skal skifte ut 140 fartøy og Ulsteinvik-avdelinga er med på startskotet.

Marius Rosbach
29.01.2021
ABB har fått i hamn ei kontrakt på levering av ei komplett kraft- og framdriftsløysning for ei heilelektrisk passasjerferje med verftet Haemin Heavy Industries.
Fartøyet skal nyttast av hamnevesenet i byen Busan, og blir den første utsleppsfrie innanlandsferje i Sør-Korea, ifølgje ei pressemelding.
Den nye ferja representerer første steg på vegen til å skifte ut 140 statseigde fossildrivne fartøy innan 2030, med fartøy som har lågare utslepp. Verdien på kontrakten blir ikkje opplyst.

ABB Norge sentrale i arbeidet

ABB er den første systemintegratoren som er valt til dette initiativet, og konsernet sine avdelingar i Ulsteinvik og Fornebu er sentrale i arbeidet, opplyser informasjonssjef Even Fladberg i ABB til NETT NO.
Mellom anna er ein viktig del av leveransen er kraftdistribusjonssystemet «Onboard DC Grid», utvikla av tilsette i Norge.
Ulsteinvik-avdelinga med kring 70 tilsette, jobbar i hovudsak med kraft- framdrifts- og automatiseringsløysingar.

Skal samarbeide om fleire prosjekt

Den 40 meter lange ferja som skal leverast i 2022, vil få to batteripakkar på 1068 kilowattimar om bord. Det gir kraft nok til å segle opptil fire rundturar på om lag ein time, før lading.
Om bord blir det plass til 110 passasjerar som blir frakta med ei snittfart på 13 knop. Haemin-verftet har spesialisert seg på lette skip med låge utslepp, og ABB har også signert ein avtale med verftet om å samarbeide om fleire prosjekt i framtida.
ABB har kapra fleire oppdrag med nye elektriske fartøy i det siste. Ifølgje Maritime Battery Forum er over 130 batteridrivne ferjer i drift, og fleire enn 90 fartøy er i bestilling.

Publisert: 29.01.2021 09:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:13