Acel sikra sjukehuskontrakt
Viseadministrerande direktør Heidi Nilsen i Helse Møre og Romsdal saman med Acel-sjef Klaus Idar Kjerstad.
Nytt

Acel sikra sjukehuskontrakt

Ålesund-selskapet treng fleire tilsette som følge av «betydeleg» oppdrag for Helse Møre og Romsdal.

Marius Rosbach
08.02.2021
Dei fleste kontraktane i samband med oppgradering av straumforsyninga ved Ålesund sjukehus, har gått til lokale firma.
Eitt av desse er elektroleverandøren Acel i Ålesund, ifølgje ei pressemelding.

Skiftar ut kraftforsyningsnettet


Klaus Idar Kjerstad som er administrerande direktør i Acel fortel at jubelen stod i taket då det var klart at dei sikra seg oppdraget. Avtalen blir feira med kake.
Partane opplyser ikkje om storleiken på kontrakten, men Kjerstad fortel til NETT NO at den er betydeleg.
– Det er også ein del arbeid på timebasis i tillegg. Oppdraget går ut på å skifte ut kraftforsyningsnettet ved sjukehuset. I hovudsak skal det skiftast frå 230 til 400 volt, som vil gjere anlegget meir sikkert. Det blir også enklare fordi medisinsk utstyr har 400 volt som standard, fortel Kjerstad.

Treng fleire folk

Arbeidene med å oppgradere straumforsyninga ved Ålesund sjukehus er godt i gang. Kring ein tredel av kontraktsverdien for Acel er knytt til å bygge ulike elektrotavler rundt om på sjukehuset.
– Kontrakta betyr at vi vil søkje etter fleire medarbeidarar både på tavleproduksjonen og installasjon, sidan dette er ei vesentleg auke i volumet vårt, uttalar Kjerstad i meldinga.
I dag er Ålesund-selskapet kring 85 tilsette.

Fleire lokale selskap

Etter ein periode med detaljplanlegging er fleire byggeprosjekt igangsatt ved sjukehuset.
Eit anna Ålesund-selskap som er sikra meir arbeid, er Søvik & Skåravik.
– Det er veldig kjekt at lokale bedrifter er konkurransedyktig, uttalar Heidi Nilsen viseadministrerande direktør i Helse Møre og Romsdal i meldinga.

Publisert: 08.02.2021 12:36

Sist oppdatert: 16.06.2021 10:34