Advarar mot aa legge fisk paa lager
BØR UT I MARKNADEN: Å legge fisken på lager er ein risikabel strategi når prisen fell og etterspørselen er usikker, meiner rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje-og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt.
Nytt

Advarar mot å legge fisk på lager

Koronakrisa gjer etterspørselsutviklinga for torsk så uviss at det er lurt å unngå store lager av torsk framover, trur rådgivar Kay Ove Hafsås i Fiskebåt.

31.08.2020
Saman med sild og makrell er torsk er det viktigaste fiskeslaget for norske fiskarar, og torsken er ein populær fisk også hos utanlandske kjøparar i hotell, restaurant og catering-marknaden.
Den marknaden krympa då koronakrisa kom, men svakare norsk kroner motverka i første omgang prisfallet i utanlandsk valuta. No har krona styrka seg igjen, og drahjelpa frå valutamarknadene er nesten borte.
Prisen på torsk er no nesten 20 prosent lågare enn ved starten av 2020, skriv rådgivar Kay Ove Hafsås i bransje- og marknadsføringsorganisasjonen Fiskebåt i eit innlegg i NETT NO.

Ikkje gjer som i 2009

I 2009 reagerte bransjen på eit liknande prisfall på torsk med å legge meir fisk på lager.
Det advarar Hafsås mot å gjere no. Koronaepidemien skaper uvisse om etterspørsel og prisutvikling, og meir fisk på lager kan forsterke ein eventuell prisnedgang.
"Vonleg har ein det som skjedde i torskesektoren i 2009 i kjølvatnet av finanskrisa friskt i minnet, der ein fekk utfordringar i form av lagerbygging i ein marknad med fallande prisar.", skriv Hafsås.

Betre rusta

Den store skilnaden på i dag og 2009 er at fiskebåtreiarlaga har hatt fleire gode år på rad og er betre rusta til å takle ein nedtur:
"Forskjellen denne gangen er at sektoren jamt over er betre rusta til å stå av noko tyngre tider. Sektoren er betre kapitalisert, er meir diversifisert, og har betre volum- og produksjonsfleksibilitet. I tillegg er myndigheitene i større grad klar over marknadsutfordringane ein står ovanfor og vil truleg agere raskt med tiltak ved behov."

Publisert: 31.08.2020 15:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02