Ingvild Vartdal Kristin Fjellby Grung
Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Adviso tilbake på vekst-sporet

Adviso nådde ny inntektsrekord i 2020.

10.05.2021

Etter ein inntektsnedgang i 2019 auka Adviso Advokatfirma inntektene på 30 prosent i 2020, og er tilbake på den jamne vekstsporet selskapet har har hatt sidan etableringa i 2013.

- Vi er veldig fornøgd. Vi er tilbake på den utviklinga vi skal vere i, seier dagleg leiar Ingvild Vartdal.

Ho starta selskapet som eit reindyrka forretningsadvokatselskap i 2013 saman med Kristin Fjellby Grung.

Fleire tilsette
I tillegg til Vartdal og Fjellby Grung er i dag Ole Reinhardt Notø, Martin Olsen Høie og Runar Nordby Johnsen medeigarar i selskapet.

I fjor hadde Adviso 7-8 årsverk, mellom anna på grunn av permisjonar. No er selskapet oppe i 10 advokatar og advokatfullmektigar, der siste tilsette kom i mars.

Finn selskapet rette kandidatane er det rigga for ytterlegare vekst, seier Vartdal.

Fleire transaksjonar
Året 2020 under eitt hadde koronaepidemien ingen negativ effekt på aktiviteten, ifølgje Vartdal.

Ein generell vekst i oppdragsmengda, og spesielt i mengda og storleiken på transaksjonar i andre halvår, er hovudforklaringa på veksten. 2021 har starta som 2020 slutta.

- Så langt ser det veldig bra ut, seier Vartdal.

Adviso Advokatfirma as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter24,719,9
Driftsresultat7,41,4
Resultat før skatt7,41,4

Publisert: 10.05.2021 16:09

Sist oppdatert: 10.05.2021 16:01