Landbruksgruender jobbar med England lansering
VEKST OG LØNSEMD: Jan Øystein Aksnes (biletet) og medgrunnleggare Bjørn Tore Aksnes i starta Agrilogg i 2016. No er dei fem tilsette.Foto: Marius Rosbach
Nytt

Agrilogg-friarar har fått nei

Har hatt samanhenghande vekst i salsinntektene kvart år sidan starten. Det har blitt lagt merke til.

03.06.2025

Ideen til slektningane Jan Øystein og Bjørn Tore Aksnes var å utvikle eit system der bøndene kan loggføre alt dei gjer i gardsdrifta, både for å lette pålagt rapporteringsarbeid og for å kunne analysere kva som har gått godt og gale - for å finne ut kva som kan forbetrast.

Dei to oppretta Agrilogg i 2016, og eig selskapet 50/50. Jan Øystein er bonden og styreleiaren, Bjørn Tore dagleg leiar og systemutviklar. I alt er det fem tilsette i selskapet, som har kontor i Ørsta og avdeling i Vanylven, der Jan Øystein driv gard.

– Vi har hatt ein jamn vekst, og det ser ut som den held seg oppe, seier Jan Øystein Aksnes til Nett No om utviklinga i år. 

Med unntak av startåret og eit lite underskot i 2020, har selskapet gått i pluss kvart år.

Fleire friarar
Frå å vere eit gründerselskap med ein ide, har Agrilogg utvikla seg til eit etablert selskap.

– Vi veks jamt og trutt, og har fått ein posisjon i marknaden som ein seriøs aktør, seier Aksnes.

Det har fleire lagt merke til, og Aksnes seier dei også har fått friarar på døra, men grunnleggarane vil helst halde fram som i dag.

– Vi har sagt at vi trivst veldig godt med å vere små og raske, seier Jan Øystein.

Covid stoppa utanlandssatsing
I tillegg til å utvide systemet med fleire tilbod i Noreg, såg Agrilogg-grunnleggarane allereie i starten ut av Noreg og hadde planar om å lansere ein engelsk versjon i England i 2020.

Det sette koronapandemien ein stoppar for i første omgang. 

Deretter har selskapet hatt meir enn nok med å handtere veksten og utvikle produktet i den norske marknaden, seier Aknes. 

Kan spare dobbeltarbeid
No jobbar selskapet mellom anna med å utvikle systemet slik at opplysningar som skal inn i pålagte rapporteringsskjema til styresmaktene, skal falle automatisk på plass i skjemaet etterkvart som dei blir lagt inn. Det vil spare bøndene for dobbeltarbeid. 

Men ei utanlandssatsing er ikke skrinlagt - berre utsett. Den engelskspråklege versjonen ligg der, og treng berre oppdatering. Datterselskapet som ei eventuell utanlandssatsing skal skje gjennom - Agrinote - og har vore etablert sidan 2020.

Agrilogg AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt7,76,7
Driftsresultat0,70,6
Resultat før skatt0,80,6

Publisert: 03.06.2025 10:41

Sist oppdatert: 03.06.2025 19:31

Mer om