Skipet skal byggast om til eit moderne flytande lager utstyrt med teknologi som gjer fartøyet til ein plattform for mellom anna ubemannede rekognoseringsdronar som skal leite etter krill og gjere fisket meir effektivt, skriv Aker Qrill Company i ei pressemelding.
Det ombygde lasteskipet skal fungere som eit støttefartøy for Aker Qrill sine krilltrålarar i Antarktis og erstatte eit fartøy reiarlaget leiger til å gjere jobben i dag.
Per i dag har selskapet tre fartøy i fiske og eit fjerde under ombygging i Tyrkia. I tillegg har selskapet ein fraktebåt som hentar fangst til land, fraktar drivstoff ut og mannskap fram og tilbake.
Ombygginga skjer hos Norse Shipyard i Tyrkia og første del av ombygginga skal vere ferdig rundt årsskiftet 2025/2026 slik at farøyet kan delta i komande krillsesong.
Kjøper frå Finland
Det er det finske reiarlaget ESL Shipping som sel. Kjøpesummen er ikkje oppgitt, men for Aker Qrill er det snakk om ei investering på 24 millionar euro, omlag 280 millionar kroner, ifølgje pressemeldinga.
Tidlegare heitte skipet Kalio, no skiftar det namn til Antarctic Enabler.
Det 159 meter lange skipet har lagerplass til nesten 10.000 tonn krillmjøl og har ein "betydeleg bunkerskapasitet" ifølgje pressemeldinga. Dei lange avstandane i Antarktis gjer at det er ein fordel om fiskefartøy kan lever fangsten og fylle på meir drivstoff til havs i staden for å gå til kai.
«Kjøpet av Antarctic Enabler styrker infrastrukturen som er nødvendig for å støtte vår voksende virksomhet. Dette fartøyet vil gjøre det mulig for vår fangstflåte å opprettholde kontinuerlig drift i de antarktiske fiskeområdene, samtidig som det sikrer at vi kan møte den økende globale etterspørselen etter bærekraftige marine ingredienser.», seier administrerande direktør Webjørn Barstad i Aker Qrill Company i pressemeldinga.
Publisert: 10.10.2025 13:16
Sist oppdatert: 10.10.2025 14:00






