Aksjetilbod til MMC First Process tilsette
TILSETTE BLIR MEDEIGARAR: Petter Leon Fauske og Leif Gjelseth får også tilsette med på eigarsida i MMC First Process
Nytt

Aksjetilbod til MMC First Process-tilsette

MMC First Process reknar med at ein tredjepart av dei tilsette takkar ja til å kjøpe seg inn i selskapet.

18.12.2019
Dei tilsette har fått tilbod om å kjøpe seg inn til same kurs som dagens eigarar tidlegare i år betalte for å kjøpe Havyard Group sin aksjepost på 75 prosent i MMC First Process.
Den transaksjonen verdsette MMC First Process til 310 millionar kroner, og selskapet ventar no at dei tilsette teiknar seg for i overkant av tre millionar kroner i selskapet, skriv administrerande direktør Petter Leon Fauske i ein epost til NETT NO.
Aksjeposten til dei tilsette som kjøper no bli dermed på omlag ein prosent.
Tilbodet om på kjøpe aksjar har svarfrist 20. desember.

Mobiliserte etter nei

MMC First Process lagar utstyr til fiskeri- og oppdrettsnæringa og er resiultatet av ei samling av Havyard Group sitt selskap MMC og Frist Process i 2017.
Tidlegare i år gjekk Havyard Group ut med at aksjeposten i MMC Frist Process skulle seljast til dei opphavlege eigarane i First Process sitt selskap First Process Holding og tidlegare storeigar i Optimar, investeringsselskapet Credo Partners.
Det utløyste ein bodkamp, der tidlegare MMC-sjef og grunnleggar Leif Gjelseth allierte seg med First Process Holding/Credo Partners. Då Gjelseth kom på bana vart det sendt ut eit pressemelding om at Credo/First Process Holding/Gjelseth hadde sentrale tilsette med på laget. "I tillegg kjøper også et betydelig antall nøkkelansatte aksjer i First Process Holding", heitte det i meldinga.

Vann bodkampen

Credo/First Process Holding/Gjelseth vann bodkampen, men ei avklaring om kven av dei tilsette som blir medeigarar har latt vente på seg, fram til no.
Det Credo som sel aksjar i MMC First Process til dei tilsette. Credo har også avsett aksjar for sal til nye tilsette seinare, i følgje Fauske.
MMC First Process opna tidlegare i haust sitt nye kontor- og verkstadsanlegg på Digernesskiftet i Skodje.
60 tilsette, rundt 15 i produksjon og service og rundt 45 i adminstrasjon og konstruksjon er samla i det nye bygget, som er bygd for ytterlegare vekst - med i alt 71 kontorarbeidsplassar. Med det nye bygget er MMC First Process samla på to stadar på Sunnmøre, på Digernesskiftet i i Herøy. I Herøy er det rundt 75 tilsette, 20-25 av dei i produksjonen.
2018 vart ein minusår for selskapet, men i år skal det gå ut med pluss sa Fauske etter at 2018-reknskapen var klar.

Publisert: 18.12.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:48