Aksjonist paagripen paa Haramsoeya
HARAMSFJELLET: Hans Petter Thue (midten) med familien under ein tidlegare aksjon på Haramsfjellet. 
Nytt

Aksjonist pågripen på Haramsøya

Meiner ferdselsforbodet er ulovleg.

Marius Rosbach
24.08.2020
Politiet pågreip måndag Hans Petter Thue på Haramsfjellet fordi han sperra vegen for vindkraftutbygginga på staden. Til radio seier Thue at han meiner ferdselsforbodet politiet har lagt ned på Haramsøya er ulovleg.
– Det går på min rett til å kunne gå på eige eigedom utan å få 8000 kronar i mulkt, seier han til kanalen.
Tidlegare har Thue sperra fjellvegen på Haramsøya i 14 dagar med sin eigen bil, og hindra anleggsmaskinene å kome opp på fjellet. Til slutt blei bilen fjerna frå vegen opp til anleggsområdet.
Ein rekke andre aksjonistar frå Nei til vindkraftverk på Haramsøya er på øya måndag føremiddag.

– Inngripande mot allemannsretten

Førre veke innførte politiet i Møre og Romsdal forbodet mot å opphalde seg innafor eit på Haramsfjellet. Måndag påpeiker politiet at ferdselsforbodet berre gjeld i tida på dagen då det er anleggsverksemd.
– Eit opphaldsforbod er inngripande mot allemannsretten, men vi har lagt vekt på at det ikkje skal vere meir omfattande enn høgst naudsynt. Derfor vil forbodet gjelde berre når det er anleggsarbeid i gang. Det betyr at folket på Haramsøya vil kunne bruke rekreasjonsområda fritt fra tidleg torsdag ettermiddag og heilt fram til mandag føremiddag. Det same gjeld om kveldane tidleg i veka, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim i ei .

Skal gjelde ein månad

Forbodet skal gjelde fram til midnatt 24. september.

Bakgrunnen for forbodet er at det i lengre tid og i fleire høve, har vore ferdsel og annan aktivitet som har hindra vindkraftutbygginga. Særleg har dette vore retta mot anleggsverksemda på fjellplatået, seier Solheim.
Dei som ikkje etterlever forbodet kan få ei bot på kring 8000 kroner, påpeiker politiet.
Bakgrunnen for forbodet er at det i lengre tid og i fleire høve, har vore ferdsel og annan aktivitet som har hindra vindkraftutbygginga

Publisert: 24.08.2020 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01