Nytt
Aksjonærdrama i Nordic Wildfish
Fleirtalet av eigarane i fiskebåtreiarlaget Nordic Wildfish vil ha nytt styre. Dagleg leiar Tore Roaldsnes bur seg på å bli skifta ut.
10.01.2019
På eit styremøte i Nordic Wildfish 18. desember i fjor vedtok styret å kalle inn til ekstraordinær generalforsamling i selskapet, med tilråding om å velje nye styremedlemar.
Det stadfestar styremedlem Børge Arvesen i selskapet Arvesen as, som eig tre prosent av aksjane. I følgje Arvesen er det han og styreleiar Håkon Raabe som skal ut.
Medeigar og dagleg leiar Tore Roaldsnes seier neste steg er at det nye styret skal skifte ut leiinga.
- Det har vore nemnt i alle fall i tre ulike samanhengar, blant anna på det styremøtet. Det ligg i korta (å skifte leiinga, red. merk) har det vore sagt på konkrete spørsmål frå meg og andre, seier Tore Roaldsnes.
Den ekstraordinære generalforsamlinga skal haldast i hovudkontoret på Valderøya 14. januar.
NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Pål Roaldsnes og Jan Harald Roaldsnes.
Dei to eig til saman 65 prosent av aksjane i selskapet, som dei siste åra har blitt eitt av dei mest profilerte fiskebåtreiarlaga i Noreg, mellom anna på grunn av satsinga på levandelagring av fangsten, utvikling av anlegg for utnytting av restråstoff og tett samarbeid med deleigd salsselskap.
Tore Roaldsnes eig 32 prosent og selskapet Arvesen as tre prosent.
I 2017 blei selskapet kåra til årets nyskapar i Møre og Romsdal og i 2016 fekk selskapets Fiskeridirektoratets miljøpris.
Fiskebåtreiarlaget har pr. i dag tre farty i fiske. I 2017 hadde selskapet 202 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 60 millionar kroner.
Roaldsnes seier det er lagt fram fleire framlegg til løysing, mellom anna bod på å kjøpe ut andre aksjonærar, men at partane ikkje har kome fram til semje.
- Det kan eg ikkje og det ønskjer eg ikkje å spekulere i, seier han.
Han kallar situasjonen trist.
- Det er trist for meg personleg, det er trist for selskapet, dei tilsette, og eg meiner det er trist for sjømatnæringa i Møre og Romsdal, seier Tore Roaldsnes.
Det stadfestar styremedlem Børge Arvesen i selskapet Arvesen as, som eig tre prosent av aksjane. I følgje Arvesen er det han og styreleiar Håkon Raabe som skal ut.
Medeigar og dagleg leiar Tore Roaldsnes seier neste steg er at det nye styret skal skifte ut leiinga.
- Det har vore nemnt i alle fall i tre ulike samanhengar, blant anna på det styremøtet. Det ligg i korta (å skifte leiinga, red. merk) har det vore sagt på konkrete spørsmål frå meg og andre, seier Tore Roaldsnes.
Den ekstraordinære generalforsamlinga skal haldast i hovudkontoret på Valderøya 14. januar.
Familieselskap
Det er broren Pål Roaldsnes og Jan Harald Roaldsnes (ein fjernare slektning), som har kravd ekstraordinær generalforsamling.NETT NO har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Pål Roaldsnes og Jan Harald Roaldsnes.
Dei to eig til saman 65 prosent av aksjane i selskapet, som dei siste åra har blitt eitt av dei mest profilerte fiskebåtreiarlaga i Noreg, mellom anna på grunn av satsinga på levandelagring av fangsten, utvikling av anlegg for utnytting av restråstoff og tett samarbeid med deleigd salsselskap.
Tore Roaldsnes eig 32 prosent og selskapet Arvesen as tre prosent.
I 2017 blei selskapet kåra til årets nyskapar i Møre og Romsdal og i 2016 fekk selskapets Fiskeridirektoratets miljøpris.
Milliardverdiar
I følgje Tore Roaldsnes er det i samband med usemja mellom aksjonærane utarbeida brutto verdianslag som varierer mellom 1,5 og to milliardar kroner for kvotane, skipa og andre verdiar i selskapet. Minus gjelda betyr det at anslaget for den reelle eigenkapitalen i selskapet ligg rundt ein til 1,5 milliardar kroner.Fiskebåtreiarlaget har pr. i dag tre farty i fiske. I 2017 hadde selskapet 202 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 60 millionar kroner.
Roaldsnes seier det er lagt fram fleire framlegg til løysing, mellom anna bod på å kjøpe ut andre aksjonærar, men at partane ikkje har kome fram til semje.
Trist
Tore Roaldsnes seier han ikkje kan svare på kva majoritetseigarane vil gjere i selskapet.- Det kan eg ikkje og det ønskjer eg ikkje å spekulere i, seier han.
Han kallar situasjonen trist.
- Det er trist for meg personleg, det er trist for selskapet, dei tilsette, og eg meiner det er trist for sjømatnæringa i Møre og Romsdal, seier Tore Roaldsnes.
Det er trist for meg personleg, det er trist for selskapet, dei tilsette, og eg meiner det er trist for sjømatnæringa i Møre og Romsdal
Publisert: 10.01.2019 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30