Akuttmottak gav pluss
I PLUSS: Liv Haddal Røssevold leigde ut Melshorn Hotel til akuttmottak i fjor vår. Det sikra plussresultat. 
Nytt

Akuttmottak gav pluss

Akuttmottak-drift sikra overskot for Melshorn Hotel.

29.06.2017
Etter at fleire langsiktige leigekontrakter gjekk ut i løpet av 2015 gjorde Linda Haddal Røssevold om Melshorn Hotel til akuttmottak for flyktingar.
Den kontrakten kom til å sikre eit brukbart resultat også i 2016 sa Haddal Røssevold i fjor.

Endra på nytt

Akuttmottak-konktrakten gjekk ut i fjor vår og vart ikkje fornya, og Røssevold la om hotellet på nytt - til eit bed & breakfast-hotell.
Det betydde mellom anna fem arbeidsplassar i staden for ni.

Oljenedtur

Det såg lyst ut då Haddal Røssevold tok over hotellet på Hareid i 2014. Selskapet hadde kontrakter til utleige av overnattingskapasitet til mellom andre verfta, og også cateringoppdrag for bedriftene.
Men då oljeprisen fall merka ho raskt at det blei tøffare, sjølv om langvarige kontrakter gjorde at verknaden før kom i løpet av 2015.

Publisert: 29.06.2017 09:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11