Alex Rosen
ØRSTA: Alex Rosén sparka i mange retningar under sitt foredrag på næringskonferansen, inkludert å dele investortips. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Alex Rosén delte investortips

Den ferske aksjeinvestoren selde seglbåten og satsa stort på Tesla og Elon Musk.

28.10.2021

- Alle må følgje med på Elon Musk. Det kjem til å skje enormt mykje. Heilt ‘insane’, sa Rosén, som på kort varsel stilte opp som reserve for Gjert Ingebrigtsen som foredragshaldar på næringslivskonferansen Søre Sunnmøre i Ørsta.

Rosén har vore aksjeelev hos Finansavisen, og investerte sine første pengar i aksjar i mars i fjor etter at han selde seglbåten sin for 2,0 millionar kroner.

- Eg miste 50 jobbar på gunn av pandemien, og hadde behov for pengar. Og så selde eg båten, som eg fekk meir pengar for enn då eg kjøpte han. Pengane satsa eg på børsen.

Traff blink
Han investerte 450.000 kroner i Tesla-aksjar, sjølv om mange analytikarar åtvara, og der ein av dei store aktørane tilrådde at ein shorta aksjen.

Men Rosén traff blink. Aksjekursen gjekk kraftig opp.

Rosén meinte at ein måtte ha ein langsiktig horisont når ein gjekk inn i selskap, men med unntak.

- Du bør ha ein horisont på 30 år, men om aksjen går kraftig opp kan du sjølvsagt ta litt gevinst og heller kjøpe tilbake fleire aksjar seinare.

Der er vindmølller over alt, og dei går rundt ein gang i veka
Alex Rosén

- Heilt vilt
Han meinte også at det var viktig å satse på grøne aksjar, men kom med eit hjartesukk etter å ha vore på Stad og i Bremanger og sett på vindkraftutbygginga der.

- Der er vindmølller over alt, og dei går rundt ein gang i veka. Det er heilt vilt.

- Eg har også spurt Erna Solberg kvifor vi i alle dager skal satse på vindmøller no. Det er trass alt ei 300 år gamal oppfinning.

Sol
Derimot hadde Rosén langt meir tru på ei satsing på solenergi, til liks med sitt forbilde Elon Musk.

Han har store planar for busetjing på mars, og Alex Rosén ser fram til å ta turen dit.

- Det vil skje enormt mykje framover. Mange trur at Elon Musk driv eit bilfirma, men han tenker mykje større. Han vil redde verda. Berre følg med, sa investor Rosén.

Publisert: 28.10.2021 10:39

Sist oppdatert: 28.10.2021 11:12