Bygger saman Lepsoeybrua i dag 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
FØR TIDA: Lepsøybrua på Nordøyanesambandet vart bygd saman i september i fjor. Så langt ligg sambandet an til på kunne opne eitt år før tida, og utan kostnadsprekk. Det er ikkje alltid tilfelle i bransjen, viser rapport.
Nytt

Alle kan vinne på meir samarbeid

Dårleg planlegging og alle mot alle. Der har du bygg- og anleggsbransjen.

11.07.2021

ANALYSE

Ein rapport som rådgiving- og kapitalforvaltningsselskapet Converto har laga i samarbeid med Sintef, har som mål å finne nye og betre måtar å arbeide på for bygg- og anleggsbransjen.

Lukkast dei med å få sette ideane ut i livet, vil det tene både bransjen og kundane. Risikoen for uventa kostnadssprekk blir mindre, lønsemda i bransjen kan gå opp og kan hende blir til og med byggeprosjekt billegare.

Sett på spissen er tilstanden som rapporten vil endre på oppsummert i starten av denne artikkelen. Det blir brukt for lite tid på planlegging og kvar aktør i eit prosjekt er meir opptatt av å sikre sin del av kaka, enn å arbeide for eit best mogleg samla resultat.

Bakgrunnen for rapporten er ein observasjon av at bygg- og anleggsbransjen har hatt fallande lønsemd år for år i fleire år, samstundes som driftsinntektene har auka og auka. Ei slik utvikling fortel mellom anna om ein bransje som er sårbar dersom marknaden skulle snu, og inntektene falle.

- Bransjen som heilskap har hatt ein samanhengande vekst over mange år, med mellom seks og ti prosent årleg vekst dei siste fem åra. I samme periode har marginane falle frå cirka fire prosent til cirka tre prosent. Det er høg konkurranseintensitet og bransjen er prega av prispress, seier Geir Vegsund i Converto til NETT NO.

Vegsund er leiar for prosjektet og har arbeidd saman med kollega Bjørn Gjerde i Converto og Håkon Raabe i Sintef. Vegsund har lang bransjeerfaring, mellom anna tidlegare erfaring som leiar for H-Fasader og Pretre.

Dei har hatt fleire partnarar frå Nordvestlandet med som bidragsytarar i prosjektet, ingeniørselskapet Ose, elektroselskapet Acel, entreprenørselskapa Aco Anlegg og Christie og Opsahl, Dyrøy Betong og VVS Teknikk.

Rapporten trekkjer fram desse funna frå prosjektarbeidet:

* Sjølv om prosjekteringsfasen er avgjerande for resultatet blir det svært ofte ofra for lite tid og ressursar på den.
- Det gir for dårleg kravspesifikasjon og mangelfullt teikningsunderlag
- Underenterprenørar blir involvert for seint

* Den viktige byggherrerolla blir utøvd ulikt og blir lagt for lite vekt på.

* For dårleg samhandling i bygg- og anleggsprosjekt.
- Profesjonsmotsetningar mellom dei som prosjekter og dei som byggjer
- Manglande tillit og respekt mellom partane
- Partar som kjenner kvarandre godt skaper betre flyt og reduserer uvisse og risiko i prosjektet

* Ingen kontraktsformer har oppmuntringsordningar som stimulerer til kollektiv innsats og lågare totalkostnad.

* Det er liten grad av resultatdeling og oppmuntringsordningar i byggeprosjekt.

Samarbeidsformene og kontraktane som er vanlegast i bransjen slår negativt ut. "Konsekvensen av dagens samarbeidsformer er at involverte parter er mer opptatt av innbyrdes verdikapring av en avtalt kontraktsum enn å legge forholdene til rette for en god samhandling som kan gi et best mulig prosjektresultat.", heiter det i rapportpresentasjonen.

Noko må gjerast.

Målet har ikkje berre vore å peike på kva som er feil, men først og fremst å få fram korleis bransjen skal blir betre.

Digitale verktøy for planlegging, rapportering og kommunikasjon er bra, men aktørar som stolar på kvarandre, er opne med kvarandre og har kontraktar som belønner alle for å samarbeide godt, er enda viktigare.

Neste steg Converto og Sintef planlegg er å teste ut sine vurderingar av korleis eit prosjekt i bygge- og anleggsbransjen skal styrast.

Det må meir forsking til, er ein klassisk konklusjon i forskingsrapportar.

I dette tilfellet er det vel verdt å håpe at den konklusjonen blir lytta til i dette tilfellet og at Vegsund, Gjerde og Raabe får realisert eit prosjekt der ideane kan testast ut.


Publisert: 11.07.2021 06:00

Sist oppdatert: 13.07.2021 18:16