Børsdagen: Alle skip i arbeid
Havila Shipping forlengjer kontrakt.
TotalEnergies EP Danmark har brukt opsjonen sin og forlenga avtalen om å leige plattformforsyningsskipet Havila Fanø i seks nye månadar frå juni og ut året, melder Havila Shipping i ei børsmelding.
Administrerande direktør Njål Sævik vil ikkje opplyse kva det danske selskapet betalar, men seier avtalen er laga slik at betalinga for å leige skipet er stigande for kvar opsjonsperiode.
I dag er alle Havila Shipping-skipa i arbeid.
På børsen vekte meldinga lite oppsikt. Havila Shipping-kursen fall 0,63 prosent, til 15,74 kroner. Det er opp 27, 14 prosent sidan årsskiftet og opp 206,23 prosent samanlikna med for eitt år sidan. På topp i år, 23, januar var aksjekursen i Havila Shipping 22,35 kroner.
Dagens kurs verdset selskapet til 374 millionar kroner.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,18 | 5,71 % |
Arctic Bioscience | 10,70 | 4,90 % |
Norva 24* | 27,85 | 4,70 % |
Hexagon Composites | 32,32 | 1,89 % |
Hexagon Purus | 22,50 | 0,00 % |
Salmon Evolution | 7,85 | -0,13 % |
Havila Kystruten | 9,28 | -0,22 % |
Endúr | 45,00 | -0,22 % |
Havila Shipping | 15,74 | -0,63 % |
Sparebanken Møre | 76,19 | -0,79 % |
Hofseth Biocare | 3,40 | -0,87 % |
Hav Group | 10,75 | -1,38 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,15 | -1,56 % |
Atlantic Sapphire | 5,05 | -1,56 % |
Statt Torsk | 0,85 | -2,97 % |
Nortel | 31,60 | -3,66 % |
Børsdagen | ||
*Svenske kroner |
Publisert: 28.04.2023 16:47
Sist oppdatert: 28.04.2023 17:01