Alle skipsdesignarane er tilbake paa jobb
FISKERI VIKTIGAST: Hans Ove Holmøy (f.v.), Inge Bertil Straume og Bjørn-Oscar Kløvning er alle sentrale i designselskapet som framleis har fiskeri som sin viktigste marknad.
Nytt

Alle skipsdesignarane er tilbake på jobb

Etter ei tøff periode har Skipsteknisk sikra seg fleire nye kontraktar – og fjoråret sikra nytt utbytte.

Marius Rosbach
12.09.2020
Dei som skal teikne båtane er gjerne dei første som merkar både opp- og nedturane. No har skipsdesignarane i Ålesund-selskapet Skipsteknisk sikra seg heile fem nye kontraktar i løpet av sommaren.
– Første halvåret vart dårleg etter at korona forseinka ein del av jobbane vi haldt på med. Då hadde vi ein god del folk i permisjon. Men i løpet av sommaren har vi fått inn fleire oppdrag, også nokre som ikkje er offentlege enno, fortel administrerande direktør Hans Ove Holmøy til NETT NO.
Denne veka var første gong alle tilsette var tilbake for fullt - og dei har nok å gjere framover.
– Det positive er at vi har full aktivitet i haust og utover vinteren. Tala er i utgangspunktet for dårlege til at 2020 blir veldig bra, men det ser ut til at vi har kome oss greitt gjennom koronaen, slår Holmøy fast.
Dei nye kontraktane er alle innan fiskeri, eller relatert til fiske – samtidig som dei har sikra seg arbeidet med å teikne eit forskingsskip til styresmaktene i eit førebels ukjent land.
Ei av dei siste kontraktene var på ei fabrikktrålar Ocean Prawns skal bygge ved Tersan-verftet i Tyrkia. Tidlegare på sommaren sikra dei seg mellom anna oppdraget med å designe ein fabrikktrålar for det færøyiske Havborg-reiarlaget – som også skal byggjast i Tyrkia.
Les også:

Nedgang etter rekordår

2019-rekneskapen for Skipsteknisk-konsernet blei offentleg denne veka, og den viser nedgang i omsetning og halvert overskot samanlikna med 2018. Det var vel og merke

Difor seier styret seg nøgd med eit driftsresultat på nær 20 millionar etter ei omsetning på 133 millionar ifølgje (sjå tabell til høgre – under om du leser på mobil).
– Vi er vande med slike syklusar, og vi såg det kom ein nedgang mot slutten av fjoråret. Sjølv om 2019 ikkje blei så godt som venta, er vi godt nøgde, legg Holmøy.
Styret påpeiker at 2019-resultatet er eit naturleg nivå ut frå marknaden.

Utbytte på 39 mill. siste to år

Etter fleire solide år har eigarane teke utbyte på til saman 39 millionar kroner – 27 millionar etter 2018 og 12 millionar etter 2019. Holmøy påpeiker at mykje går til å betale skatt.
Holmøy og salssjef Bjørn-Oscar Kløvning er dei største eigarane i selskapet med ein tredel kvar, medan Kjell Jarle Holmøy eig 16 prosent.
Selskapet har framleis ein solid eigenkapitaldel på 49 prosent. I årsrapporten omtalar styret likviditeten som god og at konsernet skal takle svingingane dei blir utsett for.

Jobbar med å få inn fleire kvinner

Til saman var Skipsteknisk-konsernet 78 tilsette i fjor. Av desse var 61 menn, og selskapet jobbar med å auke talet på kvinnelege medarbeidarar.
I årsrapporten påpeiker styret at det er utfordrande fordi ingeniørfaget framleis er svært mannsdominert.
Konsernet består også av selskapa Skan-El Skipsprosjektering, som gjekk med 3,3 millionar i overskot av ei omsetning på 12,7 millionar. Dei har selskapet Skipsteknisk Muhendislik i Tyrkia, som også leverer skipsdesign.

Les også:



Reiaren om nye Geir:


I løpet av sommaren har vi fått inn fleire oppdrag, også nokre som ikkje er offentlege enno

Publisert: 12.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02