Omlag 80 personar blir råka. Dei tilsette blei varsla på eit allmøte i ettermiddag
Vard Aukra er det minste av dei fire Vard-verfta i Møre og Romsdal. Nett no er fiskebåtar under bygging ved verftet, men når den siste av dei blir levert i desember står verftet utan arbeid.
Etter at marknaden for bygging av offshorebåtar klappa saman omorganiserte Vard drifta og spesialiserte Vard Aukra inn mot fiskeri- og oppdrett.
Men i desember er verftet tomt for oppdrag, og det er grunnen til oppseiingane i følgje kommunikassjonssjef Hege Akselvoll.
Vard varsla i sommar at det ville ut av Vard Aukra, og starta forhandlingar med kommunen om å få til eit eigarskifte.
- Den prosessen på går og vi har eit felles mål om ein intensjonsavtale om kort tid, og ein endleg avtal rundt årskiftet, seier Akselvoll.
Men blir det eigarskifte så startar den nye eigaren altså utan arbeidsstokk.

Publisert: 17.04.2020 09:23
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42