Amatec inn i broeytestikke selskap
AUTMATISERING: Ein robot montert på ein lastebil gjer at sjåføren kan sette ut og hente inn brøtestikker uten å stoppe for kvar operasjon.  Innfelt, dagleg leiar Steinar Fet i Amatec, som no går inn som eigarar. 
Nytt

Amatec inn i brøytestikke-selskap

Næringsteft-vinnar Roadtech har fått automatiserings-spesialisten Amatec i Sykkylven som medeigar.

22.12.2020
Roadtech i Tingvoll vann Sparebanken Møre sin gründerkonkurransen Næringsteft i 2018/2019 med ein lastebilmontert robot som automatisere utsetting og henting av brøytestikker.
No har selskapet henta inn 5,9 millionar kroner i ny eigenkapital, og fått Amatec i Sykkylven, Plasto på Åndalsnes, Storvik på Sunndalsøra og entreprenørselskapet AMA på Kongsberg inn som medeigarar.
Alle bedriftene kan tilføre Roadtech kunnskap i tillegg til pengar, og er akkurat den typen eigarar Roadtech var ute etter å få inn, seier dagleg leiar, grunnleggar og største aksjonær, Peder Strømsvåg.

Gir oppdrag for eigarane

Eigarskapet og samarbeidet betyr også oppdrag for eigarane. Utvikling av automatiseringsløysingar for Amatec, produksjons av plastskruar for Plasto og maskiner for Storvik.
Roadtech har hatt hjelp av Converto i Ålesund med kapitalinnhentinga. Tidlegare i år gjekk eksisterande eigarar inn med meir kapital, slik at Roadtech i alt har henta 10 millionar kroner i ny eigenkapital i år.

Samarbeid

Amatec har spesialisert seg på å utvikle robotar og løysingar for å automatisere manuelle operasjonar. Selskapet har mellom anna utvikle syrobot for Ekornes. Ut av Amatec-miljøet kom også initiativet til å etablere produksjon av kirurgiske munnbind i Sykkylven.

Amatec har allereie samarbeidd med Roadtech i fleire år.

Kontrakt i år

Tidlegare i år signerte Roadtech si første kontrakt, med entreprenørselskapet Svevia Norge, om å levere utstyr som skal brukast i Trøndelag. Ytterlegare ei kontrakt er signert, men Peder Strømsvåg seier han førebels ikkje kan seie kven som er kunden.

Kapitalutviding skal både finansiere vekst og utvikling, skriv Roadtech i ei pressemelding tysdag:
"Planene for 2021 er produksjon av fleire RT Stikkemaskiner samt utvikling og testing av nye maskiner for automatisert vasking av veiskilt og kantstolper. På agendaen står også utvikling av en digital plattform som blant annet skal gi brøytebilsjåførene assistanse ved brøyting på strekninger med vanskelige kjøreforhold og dårlig sikt.

Publisert: 22.12.2020 12:28

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:10