Andre aar paa rad med Optimar minus
TILTAK: Driftsinntektene og lønsemda fall for Optimar i fjor. Fleire tiltak er sett i verk for å få ny vekst og lønsemd, skriv eigaren, det tyske selskapet Haniel, i årsmeldinga for 2019.
Nytt

Andre år på rad med Optimar-minus

Forventningane til sal av anlegg til fiskeindustri på land og til oppdrettsnæringa blei ikkje innfridd i fjor, skriv den tyske Optimar-eigaren i årsmeldinga si.

17.07.2020
Både 2018 og 2019 enda med underskot for Optimar, i følgje , som kjøpte Optimar i desember 2017.
Selskapet lagar utstyr og anlegg for handtering av fisk i fiskeri- oppdrettsnæringa, både til bruk i båtar og på flåtar, og på land. Selskapet er resultatet av samanslåinga av Optimar på Valderøya, Peter Stette i Skodje og Seaside på Stranda. Optimar-konsernet sysselsette 478 årsverk i fjor i Noreg og utlandet, mot 422 i 2018.
Eit anlegg for avlusing av oppdrettslaks ved hjelp av varmt vatn var ein salssuksess som medverka til vekst og lønsemd, men i 2018 gjekk det tregare i oppdrettsbransjen.

Ikkje som venta

Utvikling i marknaden for Optimar-anlegg ombord i skip hadde ei god utvikling i fjor, men for anlegg på land og for godt betalte anlegg til oppdrettsnæringa selde Optimar mindre enn venta.
Mindre lønsame prosjekt trekte ned lønsemda i følgje årsmeldinga, og driftsresultatet fall frå tre millionar euro i 2018 til to millionar euro i 2019 (Sjå tabell. På mobil finn du tabellen nederst på sida).
Omrekna etter dagens eurokurs hadde Optimar 1250 millionar kroner i driftsinntekter, 21 millionar kroner i driftsresultat og minus 95 millionar kroner før skatt i 2019.

Ordreboka krympa

I august i fjor sa Optimar-sjef Håvard Sætre at lønsemda kom til å bli bra i 2019 og at ordreboka var rekordstor.

I årsmeldinga skriv Haniel-konsernet at ordreinngangen fall markert gjennom 2019.

Fleire tiltak er sett i verk for å få ny vekst for Optimar, retta mot å styrke sals- og distribusjonsleddet, betre prosjektstyring og styring av salsprosessar, i tillegg til meir effektiv drift.

Publisert: 17.07.2020 16:16

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:52

Mer om