Ervik-familien i Ålesund og Frode Igland fekk ikkje medhald i erstatningskravet på 25,3 millionar mot Stig Remøy i Søre Sunnmøre Tingrett, og ankar dommen. Det stadfestar deira advokat, Sondre Loftheim Valaker.
Anken går til Frostating Lagmannsrett.
Grunngjevinga for kravet er fleire disposisjonar og transaksjonar som blei gjort i Olympic Holding-konsernet, før konkursen i Olympic Holding i desember 1016. Remøy-dominerte Olympic Holding var storaksjonær i Emerald Fisheries.
Tingretten konkluderte motsett av saksøkjarane, som også blei pålagt å dekkje Remøy sine sakskostnadar på 1,4 millionar kroner.
Dei strides om eigedomsretten til krillbearbeidingsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som var eigd av Emerald Fisheries. Aker Biomarine kjøpte Juvel for 255 millionar kroner etter konkursen i Emerald Fisheries i 2017, men har ikkje nytta den i fiske på grunn av striden med Rimfrost.
Frostating Lagmannsrett hadde saka til behandling før jul i fjor, men har enno ikkje felt ein dom. Forseinkingane har ført til at Aker Biomarine har lagt Juvel ut for sal.
Anken går til Frostating Lagmannsrett.
Ikkje medhald
Dei tidlegare krillpartnarane meiner Remøy er personleg ansvarleg for at dei ikkje har fått betaling frå Olympic Holding for minoritetsposten sin i Emerald Fisheries, som dei kravde innløyst i 2013.Grunngjevinga for kravet er fleire disposisjonar og transaksjonar som blei gjort i Olympic Holding-konsernet, før konkursen i Olympic Holding i desember 1016. Remøy-dominerte Olympic Holding var storaksjonær i Emerald Fisheries.
Tingretten konkluderte motsett av saksøkjarane, som også blei pålagt å dekkje Remøy sine sakskostnadar på 1,4 millionar kroner.
Ventar på avklaring
Også usemja mellom Aker Biomarine og Stig Remøys selskap Rimfrost ventar på avklaring.Dei strides om eigedomsretten til krillbearbeidingsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som var eigd av Emerald Fisheries. Aker Biomarine kjøpte Juvel for 255 millionar kroner etter konkursen i Emerald Fisheries i 2017, men har ikkje nytta den i fiske på grunn av striden med Rimfrost.
Frostating Lagmannsrett hadde saka til behandling før jul i fjor, men har enno ikkje felt ein dom. Forseinkingane har ført til at Aker Biomarine har lagt Juvel ut for sal.
Publisert: 22.04.2020 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56