Reidar Opsal bygdebladet foto Ogne
LEVERINGPROBLEM: Når trufaste annonsørar ikkje får tak i varer å selje går det ut over annonsesalet, fortel dagleg leiar og redaktør Reidar Opsal i Bygdebladet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Annonsebrems på grunn av varemangel

Trøbbel i internasjonale forsyningsliner slår inn hos lokalavisa på Ørskog.

24.06.2022

- Det vi byrjar å merke no er at mange av våre annonsørar byrjar å mangle varer og dermed er det ikkje nokon vits å annonsere, seier dagleg leiar, redaktør og største aksjonær, Reidar Opsal i Bygdebladet på Sjøholt i gamle Ørskog kommune.

Lokalavisa auka inntektene med over åtte prosent i fjor.

- Fjoråret blei betre enn frykta. Annonsemarknaden er knallhard, men vi lukkast likevel, seier Opsal.

Papiravis betyr mest
Under koronatida lanserte Bygdebladet nettavis, i tillegg til papiravisa.

Det er eit nyttig supplement, men det er papiravisa som er den klart viktigaste inntektskjelda, ifølgje Opsal.

Familien eig og driv også musikkforlaget og instrumentforhandlaren Norild Forlag og servering- og overnattingsbedrifta Systra Cafe.

Dyrare frakt og trykk
Så langt i år ligg det an til at inntekter og lønsemd til Avisa Synste Møre i 2022 blir som i 2021, ifølgje redaktør og dagleg leiar Lars Myklebust.

Avisa publiserer både på nett og gir ut eit papirutgåve ein gang i veka. Det som er den store skilnaden i år i høve til i fjor er ein markert kostnadsauke på både frakt og materiale, ifølgje Myklebust.

Det gjer at selskapet mellom anna vurdere om det er naudsynt med prisauke, men inga avgjerd er teken.

Bygdebladet as
Tal i mill. kroner20212020

Driftsinntekt

10,79,9
Driftsresultat0,1-0,003
Resultat før skatt0,1

0,002

Synste Møre as

Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt4,04,0
Driftsresultat0,20,3
Resultat før skatt0,20,3

Publisert: 24.06.2022 15:20

Sist oppdatert: 24.06.2022 20:39

Mer om