Annonser ned abonnement opp
VIKTIGARE ABONNENTAR: Abonnementsinntektene utgjorde 59 prosent av inntektene til Polars Media Nordvestlandet-konsernet i 2020, der Sunnmørsposten er største avis. Året før var andelen 55 prosent.
Nytt

Annonser ned, abonnement opp

Fleire abonnentar dempa inntektsfallet og lønsemda steig for Polaris Media Nordvestlandet.

10.02.2021

Annonseinntektene fall med 23,5 millionar kroner for Polaris Media Nordvestlandet i koronaåret 2020, samanlikna med 2019. Det er eit fall på 18 prosent, og skuldast først og fremst nedgang i annonseinntektene i papirutgåvene.

Abonnementsinntektene auka til Polaris Media Nordvestlandet auka med 5,7 prosent, til 198,2 millionar kroner i 2020.

Abonnementsinntektene utgjorde 59 prosent av inntektene til selskapet i 2020, mot 55 prosent i 2019.

Polaris Media Nordvestlandet er ein del av Polaris Media-konsernet, og omfattar mellom andre Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke, og fleirtalet av andre lokalaviser på Sunnmøre.

Betre lønsemd

Sjølv om inntektene fall, steig lønsemda (sjå tabell).

Polaris Media oppgir ikkje detaljerte tal for underkonsern som Polaris Media Nordvestlandet, men kombinasjonen betre lønsemd og fallande inntekter fortel om kostnadskutt.

Heile konsernet rapporterer om kostnadskutt på fire prosent frå 2019 til 2020, og tre prosent frå 4. kvartal 2019 til 4. kvartal 2020.

Opp i 4. kvartal

I fjerde kvartal fall dei samla annonseinntektene for heile Polaris Media-konsernet seks prosent, mot 12 prosent for heile 2020.

Veksten i abonnementsinntektene blei 12 prosent på årsbasis og 11 prosent i fjerde kvartal 2020 samanlikna med 2019.

Veksten i abonnementsinntekter var stor nok til at driftsinntektene for konsernet auka med 10 prosent, samanlikna med 4. kvartal 2019. For 2020 samla steig driftsinntektene ein prosent. Konsernet oppgir ikkje tilsvarande tal for Polaris Media Nordvestlandet.

Ingen innvendingar mot kjøp

I januar kjøpte Polariskonserenet Media Vest, som gir ut Nytt i Uka i Ålesund.

Både Konkurransetilsynet og Medietilsynet har behandla kjøpet og konkludert med at det var greit:

"Vi finner ikke grunn til å advare mot denne foretakssammenslutningen", skriv Hanne Sekkelsten direktør juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet i ein epost til Konkurransetilsynet 18. desember i 2020. Konkurransetilsynet hadde heller ingen innvendingar mot kjøpet, ifølgje Konkurransetilsynet.

Publisert: 10.02.2021 09:46

Sist oppdatert: 06.05.2021 12:38