Ap stoettar krisetiltaka fraa Maritimt Forum
TØFFE TIDER: Næringsminister Iselin Nybø var nyleg på besøk på Sunnmøre der ho fekk høyre om tøffe tider i den maritime industrien. Ho ga uttrykk for at regjeringa vil vente og sjå korleis dagens tiltak fungerer, før det kjem nye. 
Nytt

Ap støttar krisetiltaka frå Maritimt Forum

Meiner regjeringa ikkje gjer nok for å redde maritime arbeidsplassar. 

28.10.2020
(NPK-NTB-NETT.NO): Noregs nest største eksportnæring etter olje og gass er hardt ramma av ringverknadene til koronaviruset, skriv .
Verst går det ut over verfta, der det blir anslått ein stor nedgang i talet på arbeidsplassar, ifølgje , som kom i august. 20 000 av dei som jobbar i maritim næring, kan miste jobben innan to år, ifølgje rapporten.

Støttar kriseforslag

Interesseorganisasjonen Maritimt Forum meiner regjeringa gjer for lite for å motverke trenden og foreslår ei kondemneringsordning for utrangerte offshorefartøy, å gjere heile offshoreflåten fornybar, byggje mineryddarar til sjøforsvaret og eit nytt forskingsfartøy til Havforskingsinstituttet.
Dei får støtte frå Arbeidarpartiet.
– Vi er i ein situasjon der ordrebøkene blir tømde. Samtidig oppfattar ikkje regjeringa alvoret. Når Menon-rapporten, verfta og fagforeiningane seier at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, og ikkje har effekt av betyding, då er det grunn til bekymring, seier Terje Aasland, næringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.
Då NETT NO nyleg spurte , men ga uttrykk for at partiet vil legge maritimt press på

Meiner Nybø bør ta tak

Aasland foreslår å bruke meir pengar og meiner næringsminister Iselin Nybø (V) bør ta tak.
Men Nybø viser mellom anna til at regjeringa har vedteke ein verftspakke på 744 millionar kroner i perioden 2020–2024, i tillegg til ein «grøn skipsfartspakke», som mellom anna består av nettopp ei kondemneringsordning, og dessutan ei låne- og finansieringsordning for fornying av nærskipsfartsflåten.
I tillegg dreg verftsindustrien nytte av dei generelle tiltaka som mellom anna utvida permitteringsordningar, påpeikar statsråden.

Motstand mot nettolønnsordning

Regjeringa forhandlar i første rekke med Frp om budsjettet. Dei har vore klare på at dei som er lagt på bordet. Her er også Ap og Sp samde.
Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil også om at bedriftene kan få framskunda skattefordelen av tidligere underskot.
Då han møtte NETT NO denne veka, vise Vedum til at dette er gjort tidlegare for olje- og gassnæringa.

Les også:





Analyse:




(©NPK)
Når Menon-rapporten, verfta og fagforeiningane seier at tiltaka ikkje er tilstrekkelege, og ikkje har effekt av betyding, då er det grunn til bekymring

Publisert: 28.10.2020 09:01

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:26