Arctic Bioscience henta 345 millionar fullwidth
PÅ BØRS: Kapitalutviding er i boks og neste veke kan forskingsdirektør Hogne Halleråker (t.v) og administrerande direktør Ole Arne Eiksund i Arctic Bioscience i Ørsta markere at selskapet er blitt eit børsnotert selskap. Foto: Arctic Bioscience
Nytt

Arctic Bioscience henta 345 millionar

Er verdsett til knappe 800 millionar kroner etter kapitalutvidinga.

19.02.2021

Går alt etter planen kan aksjar i Arctic Bioscience (tidlegare Arctic Nutrition) handlast på Oslo Børs onsdag 24. februar.

Aksjekursen i kapitalutvidinga var 31 kroner per aksje, og i alt blir det henta inn 345 millionar kroner i kapitalutvidinga. Ein del av eksisterande aksjonærar var med på emisjonen, slik at eigarane før kapitalutvidinga eig knappe 70 prosent av selskapet etter kapitalutvidinga.

Les børsmelding her

Det betyr at Arctic Nutrition framleis vil ha eit stort innslag av aksjonærar frå Nordvestlandet, blant dei Halsebakk-familiens investeringsselskap, Asbjørn Solevågseide og familie og søskena Ingvild, Jan Endre og Sindre Vartdal.

Les også: Arctic Bioscience på børs neste veke

Utviklar psoriasismedisin
Arctic Bioscience er allereie etablert som helsekostprodusent, men kapitalutvidinga og børsnoteringa no heng saman med satsing på å utvikle og få godkjent eit legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, basert på silderogn.

Mykje av pengane som blir henta inn no skal finansiere ei stor internasjonal studie for å dokumentere effekten av psoriasismiddelet.

Så langt har medisinske studiar gått Arctic Bioscience sin veg, men også ein stor internasjonale studie må til før produktet kan få godkjent-stempel.

Les meir: Tommel opp for Arctic Bioscience

Fabrikk i Ørsta
Innan fem år er målet til Arctic Nutrition å ha ein legemiddelfabrikk til 150 millionar kroner på Nordvestlandet, sa selskapet i 2018.

Planen er å bygge ut ved hovudkontoret i Ørsta og samle alt under eitt tak, med kontroll over heile verdikjeda, både når det gjeld medisinske produkt og helsekostprodukt.

Les meir: Planlegg fabrikk til 150 millionar kroner


Publisert: 19.02.2021 13:45

Sist oppdatert: 31.05.2021 13:33