Nytt
Arctic Nutrition verdsett til 280 millionar
Arctic Nutritition utviklar psoriasismedisin basert på silderogn. Kapitalutviding verdset selskapet til nesten 280 millionar kroner.
19.11.2019
Den første større testen av silderognprodukt som legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis var lovande for Arctic Nutrition i Ørsta.
Hudavdelingen Haukeland Universitetssykehus i Bergen blei i fjor ferdig med ein test av 57 pasientar, der 28 fekk legemiddel basert på silderogn, og resten eit middel utan silderogn.
Testane var svært positive, sett frå Arctic Nutrition si side, men heile testen må gjennomførast i ein mykje større skala for å få middelet godkjent som legemiddel. Det er arbeidet fram til neste store test emisjonen selskapet har gjennomført no skal vere med på å finansiere.
Pir Invest IV går inn med 39 millioner kroner seier Anja Solevågseide i Pir Invest til NETT NO. Det gir 14,6 prosent av aksjane og emisjonen verdset dermed selskapet til nesten 280 millionar kroner.
Pir Invest er eit investeringselskap basert på Nordvestlandet. For kva investering etablerer dei eit eige selskap, med ulike investorer for kvar investering. Pir Invest-miljøe har tidlegare investert i sjukesengselskapet Ably Medical og det digitale bagasjemerkelappselskapet Bagid.
Les meir:
Får selskapet den naudsynte godkjenninga er planen å investere 150 millionar kroner i ein fabrikk i Ørsta.
Håper er å ha godkjenning klar i 2021/2022.
Dette seier ho om den planlagte fabrikkinvesteringa på 150 millionar kroner:
- Beløpet er marginal i forhold til marknadspotensialet for dette produktet her, der er heilt enormt, sa Bekkemellom i eit foredrag på Arctic Nutrition i august i fjor.
Her er dei største eigarane etter kapitalutvidinga:
Pir Invest IV 14,6 prosentCapra Invest (styreleder Harald Nordal) 12 prosentVartdal Gruppen 11,3 prosentLife Capitol (Jan Remmereit) 10 prosentMøre og Romsdal Såkornfond 10 prosent
- Det er ei prising som både nye og eksisterande aksjonærar er godt fornøgd med, seier han.
Pengane frå emisjonen, i alt 46 millionar kroner, skal finansiere førebuinga av neste stor test av silderogn som grunnlag for psosriasismedisin. I tillegg skal dei og finansiere ei utvida internasjonale satsing på selskapet sine helsekostprodukt basert på silderogn.
Neste test blir den avgjerande testen for å få legemiddelgodkjenning.
Når selskapet er klart for å gjenta testen i Bergen, men i mykje større skala og i fleire land, er planen å gjennomføre ei ny kapitalutviding.
- Den blir adskillig større, 150-200 millionar kroner, seier Eiksund.
Hudavdelingen Haukeland Universitetssykehus i Bergen blei i fjor ferdig med ein test av 57 pasientar, der 28 fekk legemiddel basert på silderogn, og resten eit middel utan silderogn.
Testane var svært positive, sett frå Arctic Nutrition si side, men heile testen må gjennomførast i ein mykje større skala for å få middelet godkjent som legemiddel. Det er arbeidet fram til neste store test emisjonen selskapet har gjennomført no skal vere med på å finansiere.
Pir Invest størst i emisjon
Det er selskapet Pir Invest IV som er største deltakar i emisjonen, .Pir Invest IV går inn med 39 millioner kroner seier Anja Solevågseide i Pir Invest til NETT NO. Det gir 14,6 prosent av aksjane og emisjonen verdset dermed selskapet til nesten 280 millionar kroner.
Pir Invest er eit investeringselskap basert på Nordvestlandet. For kva investering etablerer dei eit eige selskap, med ulike investorer for kvar investering. Pir Invest-miljøe har tidlegare investert i sjukesengselskapet Ably Medical og det digitale bagasjemerkelappselskapet Bagid.
Les meir:
Skal bygge fabrikk
Arctic Nutrition vart i fjor tatt opp som medlem i Legemiddelindustrien, som satsar på at selskapet vil klare å ta steget frå helsekost- til legemiddelprodusent.Får selskapet den naudsynte godkjenninga er planen å investere 150 millionar kroner i ein fabrikk i Ørsta.
Håper er å ha godkjenning klar i 2021/2022.
Dette seier ho om den planlagte fabrikkinvesteringa på 150 millionar kroner:
- Beløpet er marginal i forhold til marknadspotensialet for dette produktet her, der er heilt enormt, sa Bekkemellom i eit foredrag på Arctic Nutrition i august i fjor.
Her er dei største eigarane etter kapitalutvidinga:
Pir Invest IV 14,6 prosentCapra Invest (styreleder Harald Nordal) 12 prosentVartdal Gruppen 11,3 prosentLife Capitol (Jan Remmereit) 10 prosentMøre og Romsdal Såkornfond 10 prosent
Ny emisjon
Administrerande direktør Ole Arne Eiksund seier eigarane er fornøgde med kapitalutvidinga.- Det er ei prising som både nye og eksisterande aksjonærar er godt fornøgd med, seier han.
Pengane frå emisjonen, i alt 46 millionar kroner, skal finansiere førebuinga av neste stor test av silderogn som grunnlag for psosriasismedisin. I tillegg skal dei og finansiere ei utvida internasjonale satsing på selskapet sine helsekostprodukt basert på silderogn.
Neste test blir den avgjerande testen for å få legemiddelgodkjenning.
Når selskapet er klart for å gjenta testen i Bergen, men i mykje større skala og i fleire land, er planen å gjennomføre ei ny kapitalutviding.
- Den blir adskillig større, 150-200 millionar kroner, seier Eiksund.
Publisert: 19.11.2019 19:49
Sist oppdatert: 31.01.2022 09:05