Etter at Arild Aarvik i 2019 varsla at han ville selje seg sin 20 prosent eigarandel i Ervik Havfiske har han mellom anna investert i snøkrabbefiske-selskapet Enterprise Seafood i Bergen.
Det skjedde i 2022, då Aarvik vart største aksjonær - med 37,061 prosent eigarandel - og dagleg leiar. Dei to nest største eigarane var tidlegare oppdretts-topp Ole-Eirik Lerøy og investoren Olav Refvik, med 24,967 prosent kvar.
Så langt har det vore ei problematisk investering.
I dag skriv Fiskeribladet at den planlagde eigarendringa er sett på vent fordi båten til reiarlaget manglar fartssertifikat i påvente at utbetringar etter ein inspeksjon frå Sjøfartdirektoratet. Det er uvisst kor lang tid det vil ta får fartøyet eventuelt får fartssertifikat. Eigarendringa må til for oppfylle krava i deltakarlova om at såkalla aktive fiskarar må eige over 50 prosent av fiskebåtreiarlag.
Krympar eigarandel
Før helga vart det klart at Harald Tananger blir den nye hovudeigaren (51 prosent) gjennom ei kapitalutviding, og Aarvik og dei andre eigarane har fått krympa sine eigarandelar, skriv Fiskeribladet. Etter det avisa erfarer går Tananger inn med rundt ti millionar kroner.
Aarvik får no redusert sin eigarandel - som han eig gjennom selskapet Charisma - til 18,16 prosent. Lerøy og Refvik sine andelar krympar til 12,23 prosent.
Denne endringa må godkjennast at Fiskeridirektoraret - som no ventar på at fartssertifikatet kjem på plass.
Ikkje godkjent
Årsaka til eigarendringa er at Aarvik ikkje vart godkjent av Fiskeridirektoratet til å stå på det såkalla blad B i Fiskarmanntalet, korkje som fiskar eller administrativ leiar. Han klaga på vedtaket, men fekk ikkje medhald i Nærings og fiskeridepartementet.
Deltakarlova krev at majoritetseigaren i eit fiskebåtreiarlag må vere såkalla aktiv fiskar. Med Fiskeridirektoratet sitt vedtak innfridde Enterprise Seafood ikkje det vilkåret.
Den manglande godkjenninga av eigarskapet gjorde at selskapet ikkje fekk fornya løyve til å fiske snøkrabbe, seier Ivar Tananger til Fiskeribladet. Han er bror til Harald Tananger, og er einaste aksjonæren i selskapet som er registrert som aktiv fiskar, inntil Harald Tananger kjem på eigarsida. Ivar Tananger sie eigarandel er redusert frå 13,004 til 6,37 prosent.
Ikkje noko val
Torben Foss, som er advokat for Enterprise Seafood, seier at til Fiskeribladet av reiarlaget ikkje hadde noko val.
"Nå vil rederiet endre eierskapet gjennom en kapitalutvidelse. Med Harald Taranger inn med 51 prosent eierandel, og Ivar Taranger med sine vel seks prosent, er man helt utvilsomt over 51 prosent av eierne på blad B. Eiersammensetningen er dermed overensstemmende med deltakerloven", seier Foss til avisa.
I 2023 hadde Enterprise Seaood 5,3 millionar kroner i driftsinntekt og fekk eit resultat før skatt på minus 13,7 millionar kroner.
NettNo har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå Arild Aarvik.
Publisert: 02.12.2024 09:24
Sist oppdatert: 02.12.2024 09:24