Arrest i Broedrene Aa skrog
ARREST: Brødrene Aa levert i juni 2013 dette yachtskroget til Palmar Johnson, og skulle etter planen levere skrog nummer to no ved årskiftet. 
Nytt

Arrest i Brødrene Aa-skrog

Ein strid mellom kjøparen i Liberia og yachtbyggjar Palmer Johnson i USA har parkert eit skrog hos Brødrene Aa i Hyen.

26.02.2016
I juni 2013 vart eit særmerkt yachtskrog slept ut av Hyenfjorden, for utrustning hos yachtbyggjar Palmer Johnson i USA.
No ligg eit liknande skrog i arrest i Hyen påvente av ei avklaring i striden mellom den anonyme kjøparen med adresse i Liberia og Palmar Johnson.

40 millionar

Brødrene Aa er ikkje part i striden, men blir likevel berørt.
For hurtigbåtverftet i Hyen i Gloppen er det snakk om ein kontrakt på rundt 40 millionar kroner, i følgje dagleg leiar Tor Øyvin Aa. Skroget skulle eigentleg blitt levert ved årskiftet, men så lenge reiar og yachtbyggjar ikkje er samde har ikkje Brødrene Aa fått fullt oppgjer, og Aa er heller ikkje interessert i å la skroget det gå før alle pengane er på plass.
- Vi slepp ikke strukturen før vi får fullt oppgjer for båten, seier Aa.

Erstatning

Aa seier kunden som skal ha båten til slutt har tilbode seg å garantere for kostnadane Brødrene Aa med å la båten liggje ved anlegget i Hyen.
Førebels er det ikkje eit stort problem i høve til den øvrige produksjonen å ha skroget der, men dersom striden trekkjer ut ønskjer Aa å finne ein anna plassering.
Vi slepp ikke strukturen før vi får fullt oppgjer for båten

Publisert: 26.02.2016 16:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53