Det er ein ikkje namngitt kunde som har kansellerte kontrakten på grunn av "tilhøve utanfor kunden sin kontroll", ifølgje ei børsmelding frå Endúr.
Artec Aqua i Ålesund er det største og viktigaste datterselskapet i det børsnoterte industrikonsernet Endúr. Selskapet har spesialisert seg på å teikne og prosjektere oppdrettsanlegg på land, frå smolt- til matfiskanlegg.
Det avlyste oppdraget var i ein tidleg fase og skulle gi Arteq Aqua ti millionar kroner i inntekter i år, ifølgje børsmeldinga.
Ikkje Salmon Evolution
Administrerande direktør Jeppe Raaholt i Endúr vil ikkje kommentere kven kunden som har kansellert kontrakten er, ut over å seie at det ikkje er Salmon Evolution.
Salmon Evolution byggjer eit landbasert oppdrettsanlegg i Indre Harøy i Romsdal. Artec Aqua var totalentreprenør for første byggesteg og har ein intensjonsavtale om å stå for andre byggesteg.
Kontrakten som no er kansellerte vart meldt om i ei børsmelding frå Endúr 30. november i fjor.
Heller ikkje der vart kunden namngitt. I alt var det snakk om kontraktar for 435 millionar kroner, ifølgje meldinga.
Publisert: 29.04.2022 16:44
Sist oppdatert: 02.05.2022 15:45