Auka eksport i kriseaaret
SYKKYLVEN: Egils Sundet i Designindustrien med Åsne Folstad i Sykkylven Næringsutvikling, heimplassen til prisnominerte Ekornes. 
Nytt

Auka eksport i kriseåret

– Knalltal, seier Egil Sundet i Designindustrien om salet av norske møblar til utlandet. No er to lokale bedrifter prisnominert.

03.12.2020
(NPK-NETT.NO) Møbel- og designindustrien i Norge kan konstatere ei auke i salet til utlandet i kriseåret 2020.
– Norsk møbeleksport auka med nesten åtte prosent i årets første tre kvartal, samanlikna med i fjor. Salet til det amerikanske marknaden har auka med heile 12 prosent. Det er knalltal i desse koronatider, uttaler Egil Sundet i Designindustrien.
Sundet uttalar dette i ei pressemelding som presenterer dei nominerte til årets bransjeprisar. Totalt er det nominert 10 norske møbel- og designbedrifter til sine fire årlege bransjepriser.

Ekornes og Fora Form kan få prisar

Ekornes i Sykkylven er nominert til eksportprisen, og konkurrerer med utemøbelprodusenten Vestre, regnkle og kalosjeprodusenten Swimms og matteprodusenten Heymat.
Fora Form i Ørsta er nominerte til klassikarprisen for City-stolen, som blei relansert i 1994. Fora Form konkurrerer med sølvvareprodusenten Arven og møbelstoffprodusenten Gudbrandsdalens Uldvarefabrik.
I tillegg blir det delt ut prisar for årets merkevarebyggar og årets produkt. Kven som vinn dei fire prisane blir offentleggjort under Designindustriens digitale medlemsmøte 10. desember.

«Home-nesting»-effekten

NETT NO har fleire gonger omtala auken i aktivitet hos Ekornes-konsernet, som har bemanna opp staben kraftig i løpet av sommaren og hausten.
Ekornes meiner dei nyter godt av «home-nesting»-effekten som kjem av at fok brukar meir tid heime.
– I tillegg har vi treft veldig godt med våre sal- og marknadsaktivitetar globalt, seier konserndirektør Øystein Vikingsen Fauske.
Fora Form med hovudkontor i Ørsta fortel at salet av lause møblar har vore god i år. Totalt kjem bedrifta likevel ikkje opp mot inntektene frå rekordåret 2019.
Også ein rekke andre bransjar har fått auke som følgje av meir heimetid hos folk flest. Møbelsalget i butikkar innanlands, har likevel peika nedover så langt i år.

Publisert: 03.12.2020 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:07