Hans Jørgen Fedog Green Yard Kleven
Hans Jørgen Fedog er styreleiar og dagleg leiar i Green Yard Kleven og Green Yard Group, der han også er medeigar.
Nytt

Auka håp om nybygg for Green Yard Kleven

Reknar på aukande mengde forespørslar.

23.06.2023

Interessen for å bygge nye skip øker, og dermed også muligheten for at Green Yard Kleven i Ulstein skal vinne nybyggingskontrakter, forteller selskapet i årsberetningen for 2022: "Markedet for nybygg er og større ombygginger er krevende for norske verft, men blant annet økende aktivitet i offshoresektoren tilfører en viss optimisme med hensyn til muligheten for nye kontrakter fremover. Selskapets salgsavdeling kalkulerer og priser et stadig økende antall forespørseler."

Green Yard Group tok over drift av Kleven Verft i 2020, etter konkursen, og Green Yard Group-sjef Hans Jørgen Fedog varsla at det ville bli satsa på opphoggingsmarknaden. Samstundes har Fedog heile tida sagt at verftet også vil satse på nybyggingsoppdrag, men samstundes understreka at dei må vere lønsame.

Ettermarknaden størst
I 2021 hadde Green Yard Kleven nybyggingsoppdrag for over 404 millionar kroner, i 2022 var det inntektene frå nybygging berre 0,7 millionar kroner. Det er den viktigaste skilnadene i 2022-rekneskapet til Green Yard Kleven i Ulstein samanlikna med 2021-rekneskapen.

Ettermarknaden, som er ombygging, vedlikehald og reparasjonar av skip, sto for 53 prosent av driftsinntektene, inntektene frå opphogging av skip 31 prosent.

430 råka av konkursen
Kring 430 tilsette blei råka av Kleven Verft-konkursen.

I fjor sysselsette Green Yard Kleven 64 årsverk, mot 77 i 2021.

Green Yard Kleven as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt145,7504,8
Driftsresultat7,610,8
Resultat før skatt6,411,2
Green Yard Group as (konsern)
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt201,9552,5
Driftsresultat13,622,4

Resultat før skatt

5,617,6

Publisert: 23.06.2023 08:52

Sist oppdatert: 23.06.2023 08:54

Mer om