Andelen lugarar som vart selde (beleggprosenten) gjekk med frå 68 prosent i første kvartal 2024 til 61 prosent i første kvartal i år. Selskapet forklarar nedgangen med ekstraordinært høgt belegg i første kvartal i fjor, fordi reisande som tidlegaren hadde fått kansellert sine turar reiste då.
Men reduserte belegg ble meir ein kompenserte av at selskapet fekk betre betalt per lugar, opp frå 3350 til 4600 kroner i gjennomnsitt.
Ombordsalet vart likte med første kvartal i 2024. Selskapet hadde venta ein auke, men forklarar den manglande veksten med at dårleg vêr reduserte etterspørselen etter utflukter som dei reisande kan kjøpe medan skips ligg ved kai.
Sjå resultatpresentasjon direkte klokka 10:00 i dag, onsdag 28. mai.
Hittil i 2.kvartal har dei fire fartøya som trafikkerer passasjer- og godsruta Bergen-Kirkenes eit belegg på 73 prosent, mot 69 prosent i same periode i fjor.
Selskapet har engasjert rådgivarar for å refinansierer den langsiktige pantesikra gjelda. Målet er å "identifisere en hensiktsmessig og langsiktig løsning tilpasset både selskapets situasjon og markedet for sikret gjeld", skriv Havila Kystruten i ei børsmelding.
| Havila Kystruten as | ||
| 1. kvartal. I mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 350,0 | 292,9 |
| Driftsresultat | -43,8 | -57,6 |
| Resultat før skatt | -66,1 | -358,3 |
Havila Holding, som eig 59,69 prosent av børsnoterte Havila Shipping, er medeigar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NettNo.
Publisert: 28.05.2025 06:53
Sist oppdatert: 28.05.2025 06:56






