Hammernes Leopold Ekornes foto Karoline Prytz Berset
BETRE RESULTAT: Ekornes-sjef Tine Hammernes Leopold. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Auka inntektene, kutta kostnadane

Opptur for Ekornes-konsernet i 1. kvartal.

29.04.2025

Veksten i salet som møbelprodusenten Ekornes var inne ved utløpet av 2024 har halde fram i år, fortel selskapet i kvartalsrapporten for 1. kvartal 2025.

God kontroll på kostnadane kombinerte med at prisen på råvarer og komponentar fall medverka til overskot og betre resultat enn i 1. kvartal i 2024. (Sjå tabell)

Også Ekornes sine tiltak for å få opp lønsemda har byrja å gi gevinst, ifølgje kvartalsrapporten.

Les børsmelding her

Toll skaper uvisse
USA er ein viktig marknad for Ekornes og tollen USA har innført har skapt større uvisse om korleis marknaden der vil utvikle seg.

Det er først og fremst Stresslessmøblar Ekornes eksporterere til USA. Dei blir i stor grad produsert i Noreg. Konsernet reknar med å kunne utnytte den sterke posisjonen varemerket har i USA, ved at  det blir råd å auke prisane for å kompensere for kostnaden tollen påfører selskapet. I tillegg  har selskapet også eit produksjonsanlegg i USA å spele på.

Ekornes QM Holding Group as  
1. kvartal. I mill. kroner20252024
Driftsinntekt1114,1973,4
Driftsresultat137,6-39,9
Resultat før skatt63,9-101,8

Publisert: 29.04.2025 13:19

Sist oppdatert: 29.04.2025 13:31

Mer om