Leinebris innfelt paul harald leinebø foto 22
LEINEBRIS: Paul Harald Leinebø med rekordkjøp av kvote i fjor. Leinebris fiska for nesten 100 millionar. Foto: Leinebris/Kjetil Haanes
Nytt

Auka omsetning - litt svakare resultat

Har sikra seg godt med kvoter for vidare satsing.

28.07.2022

PHL Holding-konsernet er 100 prosent eigd av Paul Harald Leinebø frå Leinøy. I fjor omsette konsernet for 424,5 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 8,7 millionar.

PHL Holding
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 424,5 363,8
Driftsresultat 20,6 20,9
Resultat før skatt 8,7 10,6

Rekordkjøp
I konsernet inngår blant anna den 58 meter lange kombinerte autoline- og garnbåten Leinebris, som PHL Holding eig 55,53 prosent av. Resten er eigd av Åge og Øyvind Uran med fleire på Averøya.

I fjor fiska båten for 99,6 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på 3,9 millionar kroner.

På tampen av fjoråret kjøpte Leinebris-reiarlaget selskapet Husby Senior på Averøya med ein kvoterett for torsk og hyse. Prislappen var truleg 150 millionar kroner, noko som ifølgje NETT NO var ny rekord.

Selskapet er dermed godt posisjonert for vidare satsing.

I konsernet ligg også PHL Seagold, som driv med kjøp og sal av fisk. Dette selskapet omsette i fjor for 325,5 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 5,4 millionar.

PHL Holding har ein samla eigenkapital på 78,1 millionar kroner, og ei langsiktig gjeld på 454,9 millionar.

Leinebris
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 99,6 73,5
Driftsresultat 9,6 9,6
Resultat før skatt 3,9 4
PHL Seagold
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 325,2 316,6
Driftsresultat 11,4 11,5
Resultat før skatt 5,4 6,9

Publisert: 28.07.2022 13:30

Sist oppdatert: 28.07.2022 13:21

Mer om