Auka rentenetto
Sparebanken Sogn og Fjordane tener meir på tradisjonell bankverksemd.
Rentenettoen til Sparebanken Sogn og Fjordane har auka kvartal for kvartal siste året.
Rentenettoen er skilnaden på det banken betalar til innskotskundar og for eigne lån og det banken får inn frå lånekundane sine.
I tredje kvartal 2021 var rentenettoen 235 millionar kroner, i tredje kvartal 2022 var den 291 millionar kroner, ifølgje kvartalsrapporten til Sparebanken Sogn og Fjordane.
Minus frå finansielle plasseringar, auka kostnadar og at banken ikkje hadde tilbakeførte tapsavsetninger slik som i 3. kvartal 2021 gjorde at resultatet før skatt blei redusert (sjå tabell).
Utlåna siste 12-månadarsperiode gjekk opp sju prosent i privatkundemarknaden og 5,8 prosent i bedriftsmarknaden.
Sparebanken Sogn og Fjordane | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Inntekter | 936 | 919 |
Resultat før tap | 565 | 559 |
Resultat før skatt | 559 | 596 |
Sparebanken Sogn og Fjordane | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Inntekter | 315 | 309 |
Resultat før tap | 187 | 192 |
Resultat før skatt | 185 | 229 |
Publisert: 26.10.2022 10:07
Sist oppdatert: 26.10.2022 10:08