Skotholmen
SKOTHOLMEN: Restaurant Kami Skotholmen held til på Skotholmen, som ligg ein kort båttur frå Fosnavåg. Foto: Kami Skotholmen
Nytt

Auka sal for holmerestaurant

Kami Skotholmen auka omsetninga i fjor, og har hatt godt besøk i sommar.

22.07.2021

Magnus Bergseth og Ole Jonny Hjelmeseth bak restaurantsatsinga på Skotholmen i Herøy, omsette for 5,6 millionar kroner i fjor, trass koronautfordringar. Det var ein halv million meir enn året før.

I sommar ser det endå betre ut, opplyser kjøkensjef Bergseth til lokalavisa Vestlandsnytt.

– I fjor var her innom kring 1100 gjestar i juli. Så langt har vi hatt over 1400 i juli i år, og det er før månaden er omme, seier Bergseth til avisa.

(saka held fram etter tabellen)

Kami Skotholmen
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 5,6 5,1
Driftsresultat 0,4 0,06
Resultat før skatt 0,4 0,05

150 gjestar
Restauranten vart opna i juli 2016, og kan ta imot rundt 150 gjestar i den gamle sjøbuda frå 1847.

Til Vestlandsnytt seier Bergseth at ei av årsakene til gjesteauken denne sommaren er at ein har auka kapsiteten med to bordsett fem dagar i veka.

Kortreist mat
Kami Skotholmen satsar i hovudsak på kortreist sjømat. Blant anna er Sandefisk på Sandshamn stor leverandør av fisk.

I tillegg har restauranten mottaksløyve, og kan ta imot sjømat rett over bryggekanten på Skotholmen, ein holme som ligg rett sør for Remøya.

Publisert: 22.07.2021 11:30

Sist oppdatert: 22.07.2021 11:11

Mer om