Hanna Relling Berg foto Ogne
DIGITAL VEKST: Det er digitale inntekter som gir veksten for Sunnmøreposten-redaktør Hanna Relling Berg og dei andre kollegaene i Polaris-avisene. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aukar digitalt - taper på papir

Svekka resultat for Polaris-avisene på Nordvestlandet, men dei digitale inntektene held fram å auke.

03.05.2022

Polaris Media Nordvestlandet hadde inntekter på 91,4 millionar kroner i første kvartal, opp frå 89,5 millionar i same kvartal i fjor. Driftsresultatet og resultatet før skatt vart derimot svekka.

Polaris Media Nordvestlandet består av Romsdal Budstikke og Sunnmørsposten konsern med ei rekke lokalaviser.

Polaris Media Nordvestlandet
Kvartalsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 91,4 89,5
Driftsresultat 11,8 13,1
Resultat før skatt 8,6 9,7

Det var dei digitale inntektene som bidrog til inntektsveksten. Digitale annonseinntekter auka frå 9,1 til 10,3 millionar kroner, medan digitale abonnementsinntekter gjekk opp frå 14,8 til 17,9 millionar kroner.

Annonseinntekter papir gjekk opp frå 20,2 til 20,3 millionar, medan abonnementsinntekter papir gjekk ned frå 40,5 til 38,6 millionar kroner.

Svekka resultat
Totalt hadde heile Polaris-konsernet driftsinntekter på 867 millionar kroner i kvartalet, ned frå 890 millionar i same kvartal i fjor.

Driftsresultatet enda på 52 millionar kroner, ned frå 73 millionar.

Antal heildigitale abonnement har no passert 50 prosent, og er oppe i 301.000.

Krigen gir usikkerheit
Framover forventar konsernet vidare vekst i annonseinntektene i takt med at samfunnet vert gjenopna etter pandemien, men krigen i Ukraina har skapt litt usikkerheit, spesielt knytt til manglande leveransar av produkt, som kan føre til stopp i annonseringa.

Konsernet forventar uansett vidare vekst i salet av digitale abonnement, samstundes som det vert forventa reduserte resultatbidrag frå tradisjonelt avistrykk.

Prishopp på papir
Ein del kostnader aukar også, og for papirkostnader for avistrykk er det forventa heile 50-60 prosent prisauke i år samanlikna med 2021. Dette medfører ein ekstrakostnad på rundt 30 millionar for mediehusa.

Det vert også vist til at det er lagt opp til betydeleg satsingar innanfor teknologi på det redaksjonelle området, noko som også vil auke kostnadene i 2022.

Publisert: 03.05.2022 15:27

Sist oppdatert: 03.05.2022 15:30

Mer om