Aukar paa spesialmadrasser
UTVIDAR: Håvar Tandstad har overtatt buet etter Breivik Trevare og innlemma produksjonen av innvendige glassveggar for kontorbygg i møbeldel-produsenten Møbeltre. Ville ha eitt nytt bein å stå på etter nedgang i møbelmarknaden.  
Nytt

Aukar på spesialmadrasser

Spesiallaga madrasser blir viktigare og viktigare for Stjernemadrassen i Sykkylven.

07.05.2018
Om to-tre år vil madrasser med spesialmål utgjere 25-30 prosent av inntektene til madrassprodusenten Stjernemadrassen i Sykkylven anslår dagleg leiar Håvar Tanstad.
I dag står slike madrasser for 20 prosent av inntektene og for få år sidan utgjorde dei spesiallaga madrassene berre 15 prosent av inntektene til selskapet.

Båtar og bubilar

Det er først og fremst båt- og bubileigarar som kjøper spesialtilpassa madrasser.
Å lage ei madrass som ikkje har standard mål er meir tidkrevande og krev meir manuelt arbeid enn ei standard madrass, men har den store fordelen at det er lettare å få den prisen som må til for å sikre ein brukbar margin.
Konkurransen i marknaden for standardmadrasser er så hard at det er det vanskeleg å oppnå ei brukbar lønsemd, i følgje Tandstad.

Vil vekse

I fjor hadde Stjernemadrassen cirka seks millionar kroner i driftsinntekter. I år spår Tandstad ein vekst på fem prosent. Han kjøpte madrassprodusenten gjennom sitt selskap Håvar Tandstad Holding etter konkursen i 2007 og har sakte, men sikkert auka salet år for år.
Selskapet har tre tilsette, i tillegg til at han sjølv er dagleg leiar.
Tandstad satsar på å auke salet både av standardmadrasser og madrasser som blir laga på mål, men altså mest auke på spesialmadrassane.

Frittståande forhandlarar

Stjernemadrassen sel madrassane sine gjennom frittståande forhandlarar. Eit forsøk på å drive eigen nettbutikk rundt 2010 vart lagt på is då mange av forhandlarane sjølve starta med netthandel. Tandstad seier selskapet framleis vil selje gjennom forhandlarnettet der kundane som går inn på nettsida blir vist vidare til næraste forhandlar.
Å få innpass hos dei store møbelkjedene for å auka volumet i produksjonen har han eit blanda forhold til.
- Vi ønskjer oss ikkje ei kjedeavtale der vi ikkje tener pengar, seier Tandstad.

Nytt bein og stå på

Gjennom Håvar Tandstad Holding eig Tandstad også Møbeltre, ein underleverandør til møbelprodusentar. Begge bedriftene held til i same anlegg i Sykkylven.
Fram til og med 2015 hadde Møbeltre vekst, men både i 2015 og 2016 gjekk salet ned.

Svaret på det nedgangen var å skaffe seg eit nytt bein å stå på. Det skjedde ved å kjøpet buet i driftselskapet Breivik Trevare. Selskapet laga glasveggar til kontorbygg, men gjekk konkurs i vinter.
No er produksjonen flytta til Sykkylven. Breivik Trevare hadde 12,9 millionar kroner i driftsinntekter i 2016. Møbeltre hadde 17,9 millionar i driftsinntekter i 2016.
Vi ønskjer oss ikkje ei kjedeavtale der vi ikkje tener pengar

Publisert: 07.05.2018 11:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21