(NPK-NETT.NO): Fleire vil lære seg å strikke no som vi må vere meir inne på grunn av koronaviruset. Det gir ein stor auke i salet av garn.
Garn- og strikkebutikken Trådkråa sentrum på Hareid er mellom butikkane som merkar auken.
– Det stemmer, fortel innehavar Sigrid Jønsson til NETT NO.
– Leverandørane melder om stor pågang og dei jobbar på spreng for å få sendt ut varar frå lager, kan Jønsson fortelje.
Den siste tida har ho likevel hatt reduserte opningstider i butikken fordi ho har heimeskule for borna om formiddagane. Når skulane opnar, reknar ho med å gå tilbake til vanlege opningstider.
Dei sel så mykje garn no at dei har halde produksjonen i gang i påsken.
Også House of Yarn og Rauma garn melder om auka etterspørsel etter garn. House of Yarn anslår ein vekst på 20–25 prosent for garnbutikkane, men dei trur den største auka har vore hos nettbutikkane.
– Det har jo nesten vore ein liten «Black Friday», med ein veldig etterspørsel, seier administrerande direktør i House of Yarn, Knut Henrik Knutsen.
Garn- og strikkebutikken Trådkråa sentrum på Hareid er mellom butikkane som merkar auken.
– Det stemmer, fortel innehavar Sigrid Jønsson til NETT NO.
– Stor pågang
Medan dei fleste butikkar har hatt mindre å gjere som følgje av koronakrisa, har Jønsson fleire dagar med meir sal enn vanleg.– Leverandørane melder om stor pågang og dei jobbar på spreng for å få sendt ut varar frå lager, kan Jønsson fortelje.
Den siste tida har ho likevel hatt reduserte opningstider i butikken fordi ho har heimeskule for borna om formiddagane. Når skulane opnar, reknar ho med å gå tilbake til vanlege opningstider.
Les også:
Firedobla sal
Dei to siste vekene har garnsalet firedobla seg om vi samanliknar med dei to vekene i fjor. Heile totalen har auka kraftig. Vi trur det har auka fordi folk sit heime og ikkje har så mykje anna å gjere, seier administrerande direktør Harald Mjølne i Sandnes Garn til NRK.Dei sel så mykje garn no at dei har halde produksjonen i gang i påsken.
Også House of Yarn og Rauma garn melder om auka etterspørsel etter garn. House of Yarn anslår ein vekst på 20–25 prosent for garnbutikkane, men dei trur den største auka har vore hos nettbutikkane.
– Det har jo nesten vore ein liten «Black Friday», med ein veldig etterspørsel, seier administrerande direktør i House of Yarn, Knut Henrik Knutsen.
Leverandørane melder om stor pågang og dei jobbar på spreng for å få sendt ut varar frå lager
Publisert: 15.04.2020 09:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56